Generelt om medisin til barn

Dei aller fleste barn vil komme til å trenge medisin i løpet av barndommen og det er viktig at medisinen blir brukt på rett måte og mot rett tilstand.  

Nokre gonger vil ein nytta febernedsetjande medisin som du kan kjøpe utan resept (reseptfritt) på apoteket eller i butikken. For nokre barn vil bruk av medisin vere ein del av behandlinga mot ein langvarig sjukdom.

Det er i begge tilfelle viktig at medisinen blir brukt på rett måte og mot rett tilstand. Barn er ikkje små vaksne, og doser og behandling som er tilpassa vaksne vil ofte ikkje vere rett for barn. Det er også stor variasjon på barn, frå nyfødde til ungdommar.

Kjøp av reseptfri medisin på apoteket eller i butikken

Reseptfri medisin kan kjøpast fritt i apotek og butikk. Det er berre i apoteket du kan få råd om bruk av medisinen. Denne medisinen er til behandling av forbigåande sjukdom eller tilstand som i utgangspunktet er lett å kjenne att, og som ikkje vanlegvis treng legetilsyn. Typiske dømer er feber ved forkjøling. Likevel er dette medisin med både effektar og biverknader, sjå artikkelen Biverknader, og det er viktig å følgje doseringa på pakninga, eller den beskjeden du har fått frå legen. Les alltid heile pakningsvedlegget. Sjå også eiga side om Gode råd for medisinbruk. Ta kontakt med lege eller apotek dersom uventa effektar oppstår eller det er grunn til å tru at tilstanden/sjukdommen treng anna behandling.

Kjøp av reseptpliktig medisin til barn

På apoteket vil medisinen bli levert ut etter resept. Apotekpersonalet vil som regel sjekke at doseringa som er oppgitt, er innanfor normaldosering. Du kan derfor oppleve at det blir spurt etter vekta til barnet ved ekspedering av resept. Dersom noko er uklart på resepten vil apoteket ta kontakt med legen for oppklaring. På apoteket vert det sett på etikett med brukarrettleiing på. Det kan vere lurt å sjekke at denne rettleiinga samsvarer med beskjedane du fekk frå legen, allereie før du går frå apoteket. Personalet kan svare på mange spørsmål, og gje tips om korleis det er best å gje ulike medisinar. Pass på at du får med passande målereiskap (sprøyte eller målskei) og at du veit korleis den skal brukast før du forlét apoteket.


 

Viktig å hugse på legebesøket

Ved eit legebesøk kan det bli føreskrive resept på ein eller fleire medisinar. I samband med dette er det viktig at du er sikker på kva medisinen skal brukast mot, kva for effekt du kan forvente av medisinen, og kva for nokre biverknader som kan oppstå. Det er særs viktig at du har satt deg inn i korleis medisinen skal brukast, kor lenge den skal brukast og om det er andre spesielle hensyn ved den aktuelle medisinen. Hugs å informere legen om barnet er allergisk mot noko, om barnet brukar andre medisinar (reseptfrie, naturmiddel, helsekost m.m.). Legen kan føreskrive medisin til anna bruk og til mindre barn enn det som er omtalt i pakningsvedlegget. Spør legen eller på apoteket dersom det er noko du lurer på.

Økonomi

Dersom legen har forskreve medisinen på blå resept, treng du ikkje betale eigenandel dersom barnet er under 16 år. For barn over 16 år må det betalast ein eigenandel på 38 % inntil taket for eigenandeler vert nådd, og barnet får frikort. Du kan hente ut medisin frå blå resept for maksimalt 3 månaders forbruk om gongen. Sjå eigen artikkel om Resept og refusjon.

For nokre typar medisin til barn må legen søke spesielt om refusjon. Hovudregelen er at søknaden skal vere godkjent før medisinen kan leverast ut for HELFO si rekning. Dersom barnet har vore innlagd på sjukehuset, kan sjukehusapoteket levere ut medisin for éin månads forbruk for HELFO si rekning medan ein venter på at refusjonssøknaden vert godkjent. Ein føresetnad for dette er at behandlinga ikkje kan avbrytast etter utskriving og at foreldra ikkje kan betale for behandlinga.

Oppbevaring av medisin i heimen

Det er svært viktig å oppbevare all medisin (også reseptfri medisin) utilgjengeleg for born, for å unngå forgiftingar. Vanlegvis skal medisin oppbevarast i romtemperatur, og ein avsett plass i eit kjøkkenskap utilgjengelig for born kan vere eit godt alternativ til eit eige medisinskap. Unntaket er medisin som er merkt med at den skal oppbevarast kjøleg. Slik medisin skal du setje i kjøleskapet.

Medisin som er gått ut på dato eller som ikkje skal brukast lengre, leverer du enkelt og kostnadsfritt inn på apoteket. Denne medisinen vert handsama korrekt og sendt til destruksjon, slik at den ikkje påverkar miljøet vårt negativt.

Ikkje bruk medisin som er skrive ut til andre eller som er til overs frå tidlegare behandling utan at legen gir beskjed om det. Medisinar kan sjå like ut, men kan likevel vere ulike (til dømes ulik styrke). Det er legen som bestem om ein treng medisin eller ikkje, og dette gjeld og ved gjentatt sjukdom. Bruk derfor ikkje medisin som er att frå førre gong, utan beskjed frå legen.


Nyttige lenker

Foreldre og barn-brosjyrane frå Apotekforeningen kan gje mange gode tips til foreldre: