Å gje medisinar til barn

Det er ikkje alltid lett for små barn å forstå kvifor dei må ta legemiddel. Med enkle teknikkar og litt tolmod kan det vere lettare å få i barnet medisin.

​For å motivere barn til dette kan det vere ein god idé å lage ein medisinkalender, og la barnet få ein premie når det har tatt medisinen. På dette kortet får du råd og tips når du skal gi legemiddel til barn.

 

Visste du at?

  • Det er alltid viktig å lese pakningsvedlegget før du gir barnet legemiddel.
  • Det er viktig å bruke målereiskap (tilgjengeleg på apoteket) for å sikre riktig dose av legemiddelet. Ikkje bruk skeier du har heime, fordi desse kan romme svært ulikt volum, og mengda legemiddel som blir gitt til barnet kan dermed bli unøyaktig.
  • Nasedropar/-spray verkar betre dersom du pussar nasen først.
  • Smeltetablettar kan svelgast med eller utan væske.
  • Kald mikstur smaker mindre enn temperert væske.
  • Når eit spedbarn skal ha medisin, bør du la barnet sitte eller halvt ligge på fanget ditt. Bruk ei doseringssprøyte til å sprøyte inn medisinen på innsida av kinnet, litt langt bak, slik at barnet svelger medisinen og ikkje spyttar han ut.
  • Til større barn (frå ca. 1 år) kan du fortelje at han/ho må ta medisinen for å bli frisk, og at han kan smake litt rart. Premier barnet med trøyst, ros eller noko det ønsker å drikke eller ete, etter at medisinen er tatt. Ein bør helst ikkje blande medisin i mat eller drikke. Sjuke barn har ofte dårleg appetitt. Dersom dei ikkje et eller drikk heile porsjonen, får dei ikkje i seg riktig dose medisin. Ver oppmerksam på at vond medisin i god mat kan gi barnet avsmak for denne maten seinare.
  • Dersom barnet kastar kraftig opp like etter at det har tatt medisinen, er det ein risiko for at medisinen ikkje blir tatt opp i kroppen. Du må då vurdere å gi barnet ein ny dose medisin. Dersom det har gått meir enn ein halv time, eller dersom det er lite oppkast, er det som regel ikkje nødvendig å gi ein ny dose. Dersom barnet står på faste medisinar og kaster opp / har diaré, bør du ta kontakt med lege for å få råd om dosering.

Apoteket anbefaler

Legemiddel finst ofte i forskjellige former. Spør på apoteket kva som som finst, og be om hjelp til å finne den forma som passar best for barnet.
 
Legemiddelform:

Miksturar

Nokre legemiddel finst i flytande form, slik at dei er lettare å svelge for barn. Bruk alltid doseringssprøyte, måleskei eller målebeger for denne typen medisin (tilgjengeleg på apoteket). EasyMed er eit hjelpemiddel som gjer det enklare å få i barnet medisin.

Tablettar

Kan vere vanskeleg å svelge for små barn. Nokre tablettar kan ein knuse/dele og blande med f.eks. syltetøy, most frukt (banan), yoghurt, is eller liknande. Les pakningsvedlegget eller spør på apoteket.

Kapslar

Kan vere vanskeleg å svelge for små barn. Nokre kapslar kan opnast, og innhaldet kan blandast i litt mat eller løysast i litt væske. Les pakningsvedlegget eller spør på apoteket.

Smeltetablettar

Løyser seg raskt på tunga og er ofte tilsett smaksstoff. Blir ofte brukt når barnet har problem med å svelge tablettar.

Brusetablettar

Blir oppløyst når dei kjem i kontakt med vatn. Blir ofte brukt når barnet har problem med å svelge tablettar.

Stikkpiller

Er ei eigna legemiddelform dersom barnet kastar opp, er svært sjukt eller ikkje klarer å svelge tablettar eller mikstur. Hugs å halde rumpeballane til barnet saman ei stund etterpå, slik at stikkpilla ikkje glir ut igjen. Det kan vere mindre ubehageleg å sette den butte enden inn først.

Augedropar

Dersom det er puss i auget, kan det vere smart å fjerne dette med ein tupfer eller ein Mesoft-kompress fukta i saltvatn eller reint lunka vatn.
Då verkar augedropane betre.

Nasedropar/ spray

For at nasedropane skal kome dit dei skal verke, bør barnet ligge på ryggen med hovudet bøygd lett bakover. Ved bruk av nasespray skal barnet sitte med hovudet lett framoverbøygd før ein sprayar rett inn i nasen.

Legemiddel til inhalasjon

Dersom små barn skal ha inhalasjonsspray, må ein bruke eit inhalasjonskammer. Sjukehus/lege/apotek kan gi foreldre opplæring i riktig bruk av inhalasjonsmedisin.



Les meir: Gode råd når barnet ditt skal ha medisin, Apotekforeningen.

 


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.