Visste du at?
- Antibiotika er blant dei medisinske oppdagingane som i størst grad har bidratt til å betre folkehelsa og auke levealderen.
- Ikkje alle bakterieinfeksjonar treng å bli behandla med antibiotika.
- Antibiotikaresistente bakteriar er motstandsdyktige, slik at antibiotikumet ikkje har nokon effekt. Førekomsten av resistente bakteriar aukar når antibiotikaforbruket i eit samfunn aukar.
- Visse typar antibiotika i kombinasjon med sol kan gi biverknader i form av hudreaksjonar.
- Allergisk reaksjon er sjeldan, men kan skje.
- Ein vanleg biverknad ved antibiotikabehandling er mageproblem, for eksempel i form av diaré, grunna ubalanse i den naturlege bakteriefloraen.
- Enkelte kan ha nytte av mjølkesyrebakteriar for å normalisere tarmfloraen.
- Kvinner kan oppleve ubalanse i bakteriefloraen i underlivet ved antibiotikabehandling.
Riktig bruk
- Følg alltid doseringa på etiketten.
- Fullfør alltid kuren sjølv om du er betre. Infeksjonen kan blusse opp igjen dersom du avsluttar for tidleg.
- Nokre gonger er det restriksjonar knytte til mat. Det er likevel viktigare å hugse å ta medisinane, enn å ta dei saman med mat.
- Miksturar og dropar skal som regel
ligge i kjøleskap og bli rista før bruk.
- Bruk målereiskap ved mikstur eller dropar. Målereiskap får du på apoteket.
- Svelg tablettar og kapslar heile.
- Spør på apoteket om tablettane ev. kan delast eller knusast.
- Lever medisinrestar av antibiotika på apoteket.
Dersom du ikkje har noko effekt i løpet av dei 3 første døgna, kan det skuldast at:
- Det ikkje er ein bakteriell infeksjon.
- Infeksjonen kan vere forårsaka av bakteriar som det valde antibiotikumet ikkje har effekt på.
- Antibiotikabehandling aleine ikkje er tilstrekkeleg til å få bukt med infeksjonen.
- Det har oppstått komplikasjonar til den bakterielle infeksjonen.
- Antibiotikumet ikkje blir tatt på rett måte.
Dersom du ikkje merkar betring i løpet av dei første dagane, må du ta kontakt med legen din.
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.