Råd om medisinbruk

For deg som bruker medisinar er det fleire ting som er kjekt å vite for at du skal få best mogeleg utbytte av behandlinga di.

I tillegg til å følgje råd frå legen din og lese pakningsvedlegget, kan du også spørje oss om riktig bruk av legemiddel. På denne sida finn du ulike tema du bør vere merksam på når du tek medisinar. Spør oss gjerne om råd når du er på apoteket.

 

Om medisinbruk

Tek du medisin etter legen sin anbefaling? 

Det er fleire grunnar til at pasientar ikkje tek medisinen sin slik legen har skrive ut. For dei som gløymer å ta medisinen sin har apoteket gode hjelpemiddel, til dømes dosett. Både biverknader, manglande effekt, skepsis til legemiddel eller anna kan vere årsak til at pasientar vel å ikkje ta medisinar. Sjukehusapoteket sine farmasøytar kan gi gode råd om det som opptek deg. Vi kan hjelpe deg med å forstå korleis behandlinga verkar, gi råd om førebygging av biverknader og andre råd slik at du kan ta gode og informerte val for deg sjølv. 

Biverknader av medisinar

Biverknader er utilsikta verknad av eit legemiddel gitt ved normal dosering. Ubehag eller andre symptom du merker når du tek medisin kan vere biverknader, men dei kan også komme på grunn av sjukdommen din. Det kan vere vanskeleg å avgjere kva som skuldast sjukdommen og kva som er biverknader. Om du får symptom du trur kan vere biverknader av medisinen du bruker bør du kontakte lege eller farmasøyt for råd. Dette gjeld spesielt om det dreiar seg om symptom/biverknader som blir opplevde som alvorlege eller som ikkje står i pakningsvedlegget. Lege og pasient må saman vurdere verknad av legemiddel opp mot biverknadar og avgjere om behandlinga skal halde fram eller ikkje.

Statens legemiddelverk har meir informasjon om biverknader

Melde frå om biverknader

Du kan melde inn biverknader både på vegner av deg sjølv og andre via Altinn.

Meld biverknader i Altinn

Les meir om å melde biverknader på Helsenorge.no

Korleis melde frå om biverknader?

Alle legemiddel kan ha biverknader. Sjeldne biverknader kan vere vanskeleg å oppdage, og Statens Legemiddelverk sin meldeordning for biverknader bidreg til at desse blir kjende. Både pasientar, legar, tannlegar og farmasøytar kan melde inn biverknader gjennom ordninga.

Byte av medisin

Apoteket kan tilby deg ein medisin med eit anna namn enn det legen har skrive ut, dersom det finst eit likeverdig og rimelegare alternativ.Sjølv om apoteket gir deg ein medisin med eit anna namn, får du alltid den behandlinga legen har bestemt.

Byte til medisin med anna namn kan berre gjerast når Statens legemiddelverk garanterer at medisinane har same medisinske verknad (har same verkestoff i same mengde).

Artikkel med meir informasjon om byte av medisin Les meir om byte av medisin på Statens legemiddelverk sine nettsider

Retur av medisinar

Sjukehusapoteket tar imot gamle og ubrukte medisiner, og sørger for at de blir destruert på måte som ikke er til skade for miljøet.

Les meir

Rettleiing i bruk av inhalator  

Rettleiing i bruk av inhalator er ei teneste til pasientar for at ein skal få best mogeleg effekt av medisinen.

Les meir om inhalasjonsrettleiing

Barn og medisinar

Det er ikkje alltid like enkelt å vere liten og sjuk. Nokre gongar må barn ta medisin som smakar vondt, sjølv om ikkje dei forstår kvifor. På sida Barn og medisinar har vi samla nokre artiklar som kanskje kan vere til hjelp når ditt barn er sjukt og må ta medisin.

Gå til Barn og medisinar

Eldre og medisinar

På Helsenorge finn du nyttig informasjon om eldre og medisinar.

Gå til sida på Helsenorge.no


Når du skal på sjukehuset 

Bestill klargjering av resept

Nyttig informasjon om medisinbruk

Fann du det du leita etter?