Reiseapotek

Eit reiseapotek er ei god investering uansett om du skal reise innanlands eller utanlands, ved sjøen eller i fjellet. Reiseapoteket bør innehalde det du treng for å gi førstehjelp til å behandle små skadar og enkle plager. Det bør tilpassast reisemål og reiselengde.

Visste du at?

  • Dersom du bruker faste medisinar, må du sørge for å ta med det du treng eller undersøke om medisinen kan skaffast på reisemålet
  • Det er reglar for kva legemiddel du kan ta med deg over landegrensene. Spør på apoteket kva reglar som gjeld for legemidla dine.
    Du kan også sjå informasjon på Statens legemiddelverk, slv.no.
  • Undersøk om det blir anbefalt reisevaksinar eller om du treng legemiddel for å førebygge malaria. Oversikt over malariaområde og nødvendige vaksinar finn du på fhi.no.
  • På reise kan det lett bli til at du får i deg for lite vatn. Særleg ved reise i varme område og dersom ein sveittar mykje, drikk alkohol eller får diaré. Drikk nok vatn slik at du ikkje blir dehydrert, kombiner eventuelt med væskeerstatning, for eksempel Resorb, ved behov.
  • Sjekk alltid om du kan drikke vatnet eller om du bør kjøpe vatn for å unngå problem med magen.
  • Kondom er det einaste prevensjonsmiddelet som beskyttar mot seksuelle smittsame sjukdomar.
  • Det finst hygieneprodukt i reisestørrelse på apoteket som er praktisk å ha med seg.

Apoteket anbefaler

Førstehjelp

  • Plaster
  • Sårreins
  • Sårlukkingstape
  • Sjølvheftande kompressar
  • Enkeltmannspakke
  • Vasstett bandasje
  • Gnagsårplaster
  • Støttebandasje
  • Sportstape
  • Saltvatn til skyljing av auge, nase og sår
  • Nasedropar til tett nase
  • Hydrokortison
  • Smertestillande
  • Mot reisesjuke, for eksempel: Postafen, SeaBand akupressurarmband

God hygiene

På reise kan det vere vanskeleg å oppretthalde hygienerutinar.

  • Handdesinfeksjon
  • Ansiktsserviettar
  • Intimserviettar
  • Våtserviettar
  • Fotspray
     

Solvett

Bruk solkrem/lotion med høg nok faktor tilpassa hudtypen din for å unngå å bli solbrent.

    Solkrem
     

Mot diaré / laus mage

Framand bakteriekultur og forureina vatn er dei vanlegaste årsakene til diaré / laus mage.

  • Mjølkesyrebakteriar, for eksempel: Idoform Travel
  • Stoppande ved diaré, for eksempel: Imodium
  • Væskeerstatning, for eksempel: Resorb
     

Insektstikk

Insektstikk kan vere smertefulle og dessutan overføre sjukdomar.

  • Førebyggande, for eksempel: Mygga Roll-On
  • Lindrande, for eksempel: Xylocain, Eurax, Hydrokortison, Burnaid spray

 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.