Myggstikk

Myggen stikk for å suge blod og etterlèt eit stikk som kan hovne opp og klø. Nokre personar får kraftig kløe og hevelse, mens andre nesten ikkje får plager i det heile tatt. Stikka forsvinn vanlegvis av seg sjølv etter få dagar.

 

Visste du at?

  • Enkelte personar har ”myggtekke” og tiltrekker seg langt fleire mygg enn andre. Dette skuldast sannsynlegvis luktstoff som myggen blir tiltrekt av. Kva stoff det dreiar seg om, er ikkje kjent.
  • Kvitløk og B-vitamin er eksempel på ”kjerringråd” mot mygg. Det finst ikkje dokumentasjon på effekten av dette.
  • Mygg orienterer seg både ved synet, luktesansen og at dei oppfattar varmestråling frå offeret.
  • Mygg trivst best i fuktige område slik som ved vatn og myrar, og han er mest aktiv etter solnedgang.
  • Det er berre homyggen som stikk og syg blod.

 

Kva kan du gjere sjølv?

  • Dekk til mest mogleg av huda dersom du er i område med mykje mygg, og bruk myggmiddel på hud som ikkje er dekt til.
  • Ved opphald i tropiske strøk eller malariaområde er det anbefalt å bruke myggnett over senga.
  • Myggmiddel skal ikkje brukast til barn under 3 år. Du kan eventuelt spraye litt myggmiddel på kleda til barnet.
  • Unngå å få myggmiddel i auge, på lepper og på solbrent hud.
  • Personar som reagerer sterkt på myggstikk, kan eventuelt diskutere med legen om det er nødvendig å bruke allergimedisin ved opphald i utsette område.
  • Myggstikk kan lindrast med smertestillande eller kløstillande krem.

Apoteket anbefaler

 

Myggmiddel for å unngå stikk

Til vaksne og barn over 3 år:

  • Mygga roll-on
  • Autan Tropical pumpespray
     

Lindring av plager ved myggstikk

  • Xylocain salve
  • Eurax krem
  • Hydrokortison, salve eller krem
  • Burnaid spray
     

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.