Hand- og neglepleiesett

Nokre pasientar som vert behandla med nokre typer kjemoterapi kan oppleve biverknader, som endringar i neglene og/eller tørr hud i handflatene.

​Hand- og neglepleiesett for pasientar som vert behandla med Taxotere® (Docetaxel).

Ved å massere inn ein neglebandskrem og så påføre ein forsterkar på neglene kan ein motverke at det kjem slike endringar i neglene og huda.

  • Neglebandskremen påførast huda ved neglerota og masserast godt i eit par minutt. Kan nyttast kvar dag.
  • Negleforsterkaren penslast på midten og tuppen av neglene ein gong i veka den første månaden. Etter dette skal den nyttast kvar 2. eller 3. veke. Om det skulle komme noko på huda bør ein ta dette bort med ein bomullsdott slik at huda ikkje blir hard. Du bør starte med dette den dagen du får første kur og fortsetje så lenge du vert behandla med Taxotere®.
  • Handkremen nyttar du jamleg/ved behov og er meint å hindre tørr hud i handflatane. Du kan sjølvsagt nytte ein annen krem enn den som ligg i dette settet om du ønskjer det.


 

Innehald i settet

  • 1 neglebandskrem (Decubal basic lips and dry spot balm)
  • 1 negleforsterkar/negleolje (MicoCell nail rescue oil)
  • 1 handkrem (Cosmica Hand Cream rich)

Du får det hos sjukehusapoteket

Hand- og neglepleiesettet får du kjøpt i Publikumsavdelinga til sjukehusapoteket. Her kan du og hente ut reseptar og handle i sjølvvalsavdelinga vår. Vi har eit godt utval av hudpleie og hygieneartiklar, samt andre apotekvarar, sjukepleieartiklar, ernæringsprodukt, vitamin og kosttilskot.


Innhald i settet og råd om bruk er utarbeida av Kreftavdelinga ved Haukeland Universitets-sjukehus.

Fann du det du leita etter?