Småsår, kutt, rifter og skrubbsår

Sår er skadar i huda som oppstår ved at vi f.eks. stikk, skrapar eller kuttar oss på skarpe ting.

Visste du at?

  • Huda er det største organet til kroppen, og ho beskyttar mellom anna kroppen mot mikroorganismar som kan gi infeksjon. Ved skade i huda er det derfor viktig å reinse såra godt.
  • Blødning i såret kan verke reinsande. La gjerne såra blø litt før du trykker ein kompress mot såra for å stoppe blødinga.
  • Plaster, bandasjar eller kompressar absorberer sårvæske og beskyttar såra mot skit, samtidig som såra får ro til å gro.
  • Sår skal ikkje luftast / tørkast ut, då dette hemmar fornying av hudceller.
  • Skorper skal ikkje fjernast. Skorpa beskyttar såra mot smuss og bakteriar, samtidig som ho førebygger arr.

 

Kva kan du gjere sjølv?

  • Vask alltid hendene før sårstell.
  • Vask såra med reint rennande temperert vatn, fysiologisk saltvatn eller sårreinsemiddel. Bruk eventuelt ein steril tupfer, men ikkje bomull som lett kan feste seg i såra. Vel eit plaster eller ein kompress som passar til størrelsen og plasseringa av såret.
  • Kuttsår skal reinsast godt og framandelement fjernast. Press sårkantane mot kvarandre, og lukk med sårlukkingstape på tvers av såra. Dekk såra med kompress eller plaster. Skift dagleg på såra, men la sårlukkingstapen sitte.
  • Skrubbsår skal reinsast nøye for skit og partiklar. All skit skal reinsast ut for at såra skal få gro, og for å unngå infeksjon. Legg på sårsalve for å hindre infeksjon. Dekk til med eigna plaster eller kompress som ikkje festar seg til såra. Bruk eventuelt sårkontaktlag for mindre smertefulle sårskift.


Apoteket anbefaler
 

Sårreins

  • Fysiologisk saltvatn (0,9 %)
  • Klorhexidin- eller Pyrisept-oppløysing
  • Sårvaskeserviettar
  • Tupfere
     

Sårsalve

  • Brulidine
  • Bacimycin
     

Små sår

  • Småplaster, for eksempel: Norgesplaster, Nexcare-plaster
  • Kompress med tape, for eksempel: Mepilex, Scankvikk, Medipore+pad
     

Små kutt

  • Sårlukkingstape, for eksempel: 3M steri-strip
     

Skrubbsår

  • Plaster og kompressar med tape, for eksempel:
    Norgesplaster skrubbsårplaster ,Scankvikk, Medipore+pad
  • Bandasjar/sårkontaktlag for mindre smertefulle sårskift, for eksempel: Mepilex, Mepitel One

 


 

 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.