Pollenallergi

Ordet ”allergi” betyr ”endra reaksjonsmønster” og beskriv endringar i reaksjonsmåten til kroppen på naturlege og i utgangspunktet ufarlege stoff.

Slike stoff blir kalla allergen. Kroppen kan reagere med ein betennelsesreaksjon i auge og/eller nase når disponerte personar (allergikarar) kjem i kontakt med allergen i pollen frå planter, gras eller tre. Under betennelsesreaksjonen blir substansar frigjorde, f.eks. histamin som forårsakar plager slik som:
  • Kløe i nase/auge
  • Tett, rennande nase
  • Raude, rennande auge
  • Trøyttleik
  • Nysing

 

Visste du at?

  • Legemiddel mot allergi til barn under 6 år er reseptpliktig. Det finst reseptfrie legemiddel til vaksne og barn over 6 år.
  • Legemiddel mot allergi verkar best når dei blir tatt før symptoma oppstår. Start derfor behandlinga 1–2 veker før forventa pollensesong.
  • Legen avgjer om legemidla kan skrivast ut på blå resept. For at legen skal kunne vurdere å gi deg blå resept, må allergi vere påvist, og plagene må vere langvarige og kroniske.
  • Kontaktlinsebrukarar bør bruke augedropar i eindoseform, ev. ta ut linser før dryping og vente 15 minutt før innsetjing.
  • Gravide og ammande bør kontakte lege eller apotek før bruk av allergimiddel.

 

Kva kan du gjere sjølv?

  • Pollen festar seg til klede, hud og hår i løpet av dagen. Vask av klede, dusjing og hårvask kvar kveld kan redusere plagene.
  • Skyljing av auge og nase med saltvatn reduserer mengda pollen og kan i seg sjølv gi god lindring. Dette er spesielt viktig for kontaktlinsebrukarar.
  • Hald vindauga lukka om natta, eller bruk pollennett framfor vindauget.

Apoteket anbefaler

Skyljing med saltvatn før bruk av nasespray og augedropar med legemiddel gjer at du får betre effekt av legemidla. Ta omsyn til eventuelle plager i nase og/eller auge når du skal velje legemiddel:

Ved augeplager:

Prøv først med augedropar. Ved vedvarande plagar kan tabelettar brukes i tillegg.

Ved naseplager:

Prøv først med nasespray. Ved vedvarande plagar kan tabelettar brukes i tillegg.

Ved plagar i auge og nase:

Prøv først med tabelettar. Ved vedvarande plagar kan augedropar og/eller nasespray brukes i tillegg.


Reseptfrie legemiddel *

Augedropar

Frå 6 år:

  • Livostin
  • Zaditen 


Frå 12 år:

  • Livostin
  • Zaditen
  • Spersallerg 

Nasespray

Frå 6 år:

  • Livostin


Vaksne, frå 18 år:

  • Nasonex
  • Nasacort 

Tablettar

Frå 6 år:

  • Zyrtec
  • Cetirizin


Frå 12 år:

  • Loratadin
  • Telfast

 

* Ved langvarige plager kan legen vurdere allergilegemiddel på blå resept


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.