Munnsår (forkjølingssår)

Munnsår er sår på eller rundt munnen som skuldast ein herpesvirusinfeksjon. Utbrota startar medei prikkande kjensle og kløe, deretter blir det forma små blemmer som sprekk, og det blir danna sår.

​Viruset ligg latent i kroppen og blir aktivert av for eksempel:

  • Forkjøling
  • Soling
  • Stress
  • Menstruasjon

Visste du at?

  • 3/5 av den vaksne befolkninga er berarar av herpesviruset som gir munnsår.
  • Sollys/soling kan utløyse munnsår. Solkrem/stift med høg solfaktor på leppene kan derfor brukast førebyggande.
  • Bruk av leppepomade som held leppene mjuke, kan førebygge munnsår.

Kva kan du gjere sjølv?

Det finst ikkje noka behandling som ”drep” herpesviruset, men du kan legge best mogleg til rette for at såret gror godt og ikkje blir så stort. Stikk ikkje hol på blemma eller ta bort skorpa, då dette aukar infeksjonsfaren.

På apoteket finn du antiviruskremar og munnsårplaster som kan lindre smerter, forkorte utbrotet og hjelpe heiling av såra. Kremen blir påført ved første teikn på utbrot.

Herpesvirus er smittsamt, så vask hendene ofte ved utbrot, og unngå å dele flasker, glas eller kysse andre for å minske spreiingsrisikoen.

Apoteket anbefaler

 

Førebyggande behandling

  • Solstift
  • Leppepomade

Behandling

  • Antiviruskrem
  • Antix
  • Zovirax
  • Vectavir

Bruk kremen på leppene så snart du kjenner første teikn på at infeksjonen er i ferd med å bryte ut.
 

Lindrande

  • Prolip
  • Munnsårplaster Compeed


 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.