Munnpleie

God munnhygiene gir deg frisk munn, med reine tenner utan belegg eller matrestar, friskt tannkjøt og god ande.

  • ​Tanntråd skal brukast dagleg der tannbørsten ikkje kjem til.
  • Puss tennene morgon og kveld med fluortannkrem i minst 2 minutt.
  • Avslutt tannpleierutinen med munn-/fluorskyljing i ca. 30 sek.

 

Visste du at?

  • Plakk er bakteriebelegg på tennene som blir fjerna ved reingjering av tennene.
  • “Hol i tennene”, karies, er den vanlegaste tannsjukdomen og blir forårsaka av bakteriar i munnen. Bakteriane lever av karbohydrat (sukker).
  • Ved nedbrytinga av karbohydrat blir det danna syrer som løyser opp tannemaljen og som kan gi hol.
  • Dersom ikkje plakk blir fjerna regelmessig, kan det oppstå betennelse i tannkjøtet. Betennelse i tannkjøtet kan føre til at tennene lausnar.
  • Eit syreangrep varer ca. 30 min. etter kvar gong du har ete/drukke karbohydrat, og er grunnen til at småeting ikkje er bra for tennene.
  • Munntørrleik gir større risiko for karies, då spyttet hjelper til å nøytralisere syra som blir danna av bakteriane i munnen.
  • Bruk av passeleg mengde fluor beskyttar tennene mot karies.
  • Bruk fluortannkrem. Dersom det er større behov for fluor, kan fluorskyljing og/eller fluortablettar brukast i tillegg.
  • Det blir anbefalt å byte tannbørste minst kvar tredje månad.
  • Dårleg ande skuldast ofte belegg bakarst på tunga eller for dårleg reinhald mellom tennene.

 

Kva kan du gjere sjølv?

Alle dei 5 tannflatene må reingjerast. Bruk tanntråd og eventuelt mellomromsbørste for å reingjere der tannbørsten ikkje kjem til. Avslutt med munnskyljing etter behov. I tillegg til dagleg god munnhygiene bør du gå til tannlegen regelmessig.

Barn:

Bruk ei knapt synleg mengde tannkrem på børsten til dei aller minste (under eitt år). Auk deretter til ei mengde på størrelse med naglen til ein veslefinger ved 1-årsalder. Auk mengda gradvis til størrelsen av ei ert ved 6-årsalder.

Apoteket anbefaler

 

Dagleg reingjering

  • Tanntråd/-stikker
  • Tannbørste Fluortannkrem

Eksempel på produkt:

  • Zendium tannkrem
  • Sensodyne tannkrem

Fluortilskot ved høg risiko for hol i tennene*

  • Fluorskyljing
  • Fluortablettar

Eksempel på produkt:

  • Flux fluorskyljing
  • Flux fluorskyljing junior frå 6 år
  • Flux fluortablettar
  • Nycodent fluorix fluortablettar


* Barn under 12 år bør vere forsiktige ved bruk av fleire fluorpreparat samtidig utan samråd med lege/tannhelsepersonell. 


Munnskyljing som kan hjelpe ved ulike behov:

 

Tannkjøtbetennelse/blødande tannkjøt

Munnskyljing med klorhexidin.

  • Corsodyl
  • Corsodaily
  • Flux m/klorhexidin

Dårleg ande

Prøv munnskyljing med sink.

  • SB12
  • Nycodent Complete
  • Flux Fresh

Kvitare tenner

Munnskyljing med hydrogenperoksid.

  • Nycodent white

Førebygge plakk

  • Nycodent Complete
  • Listeriene Professional Fluoride plus

 


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.