Småmark

Småmark (Enterobius vermicularis) er små parasittar som kan leve i tarmen hos menneske. Småmark blir også kalla barnemark, og dette er den vanlegaste innvolsmarken hos menneske i Noreg. Han kjem oftast hos barn, særleg i barnehagealder, men kan også kome hos vaksne.

​Symptom på småmark er intens kløe rundt endetarmsopninga, spesielt på kvelds- og nattestid. Kløe kan vere einaste symptom, men ein finn gjerne småmark rundt eller i endetarmsopninga til personen som er smitta. Av og til ser ein småmark også i avføringa. Homarken er ca. 1 cm lang og ser ut som ein lys, tynn tråd. Hannmarken er mindre, ca. ½ cm.

 

Visste du at?

  • Småmark av typen E.vermicularis finst berre hos menneske. Liknande og nærståande innvolsorm finst f.eks. hos hund og katt. Dette dreier seg om andre artar som ikkje smittar til menneske.
  • Småmark smittar ved overføring av egg frå endetarm til munn f.eks. ved at eit barn klør seg i bakenden og etterpå stikk fingeren i munnen eller tar på ein kopp, leike, mat o.l. som deretter blir ført til munnen av ein annan.
  • Egga kan overleve i opptil 3 veker utanfor kroppen. Smitte kan skje gjennom lufta ved at egga festar seg til støvkorn som seinare blir virvla opp i lufta. Dei kan deretter bli inhalerte og svelgde. Smitte kan også skje via sengetøy i same husstand.
  • Legemiddel mot småmark drep levande småmark, men ikkje egga. Behandlinga må derfor gjerast fleire gonger.


Kva kan du gjere sjølv?

For å førebygge smitte

Hald neglene korte og reine. Vask dine eigne og barna sine hender ofte, spesielt etter toalettbesøk, bleieskift og før måltid.

Dersom du er smitta

Det finst reseptfrie legemiddel til behandling av småmark: Vermox

Det er anbefalt at heile husstanden til personen som har småmark, blir behandla samtidig. Dei dagane ein behandlar med legemiddel er det viktig å vaske sengetøy, handklede, nattøy og undertøy til heile familien ved høg temperatur (60–90 gradar). Barnet kan gå i barnehage og på skule dagen etter at kuren har starta.

Apoteket anbefaler

Kan brukast av vaksne og barn frå 2 år*.

  • Vermox, tablettar (voksne) /mikstur (barn)
    1 tablett / 5 ml mikstur som eingongsdose.
    Ta ein ny kur etter 1 veke.

*  Barn under 2 år skal berre få behandling i samråd med lege.

 



Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.