Influensa

Symptom på influensa er høg feber, frysningar, muskelsmerter, hovudverk, kraftløyse, sår hals og tørrhoste. Mageplager kan oppstå, særleg hos barn. Symptoma kjem gjerne brått, i motsetning til forkjøling som utviklar seg saktare.

Tida det tar frå ein blir smitta til symptoma melder seg (inkubasjonstid) er vanlegvis 1–3 dagar, og ein episode med influensa varer vanlegvis i 7–10 dagar. Ein kan smitte andre frå den dagen symptoma oppstår og i 3–5 dagar etterpå.

Influensa er ein sjukdom forårsaka av virus. Det finst tre ulike typar influensavirus, A, B og C, som igjen blir delte i fleire undergrupper. Undergruppene blir namngitte med bokstavar og tal: N(1–9) og H(1–16).

For å kunne tilpasse seg miljøet og spreie seg mest mogleg kan viruset forandre seg (mutere). Derfor opptrer stadig nye variantar av influensavirusa.

 

Visste du at?

  • Sesonginfluensa er eit tilbakevendande utbrot med influensa A eller B som kjem kvart år, gjerne seint på hausten eller tidleg på vinteren. Vanlegvis blir 5–10 % av befolkninga smitta. Kvart år blir det laga influensavaksine retta mot den typen influensavirus som blir venta å vere dominerande i sjukdomsbiletet det året.
    Sesonginfluensa er forårsaka av virus som liknar ein del på kvarandre frå år til år. Dette gjer at ein god del av befolkninga blir immune eller får ein mild influensasjukdom, sidan mange har vore sjuke med liknande virus tidlegare.
  • Fugleinfluensa (influensa A (H5N1)) og svineinfluensa (influensa A (H1N1)). Fugleinfluensa er vanleg hos fuglar, særleg andefuglar, og smittar hovudsakleg seg imellom. Svineinfluensa er vanleg hos gris. Virus som vanlegvis berre smittar mellom dyr eller fuglar, kan i sjeldne tilfelle smitte til menneske og også mellom menneske. Når det oppstår nye variantar av virusa som befolkninga har liten immunitet mot, kan influensaviruset gi alvorleg sjukdom. I slike sjeldne tilfelle kan det utvikle seg globale epidemiar, såkalla pandemiar.

 

Kva kan du gjere sjølv?

Personar i risikogruppa bør vaksinere seg årleg mot sesonginfluensa. Gravide bør kontakte lege eller helsestasjon for råd om vaksinasjon.

Ved influensa er det viktig å kvile og få i seg nok væske. Antibiotika har ingen effekt på virus, så behandlinga blir å lindre symptoma. Ved alvorleg sjukdom finst reseptbelagde legemiddel mot virus. Desse må ein ta så tidleg som mogleg (innan 48 timar) for å kunne korte ned sjukdomsprosessen.

Dei som er i risikogruppa for å bli alvorleg sjuke av influensa, er:

  • personar med kronisk luftvegssjukdom eller hjarte-/karsjukdom
  • personar med kronisk lever- eller nyresvikt
  • personar med nedsett immunforsvar
  • personar med diabetes (type 1 og 2)
  • personar med alvorleg overvekt
  • personar over 65 år
  • bebuarar i omsorgsbustad eller på sjukeheim
  • vaksne og barn med kronisk nevrologisk skade eller sjukdom
  • helsepersonell
  • svinerøktarar

Sjå også Folkehelseinstituttet sine nettsider for oppdatert informasjon.

 

Apoteket anbefaler:

Forhindre smitte

Vask hendene ofte. Sjuke bør unngå å hoste og nyse på andre. Host eller nys i olbogen.

Desinfeksjonsmiddel

  • Antibac

Symptomlindring

Febernedsetjande/ Smertestillande:

  • Paracetamol (Pinex, Paracet, Panodil Zapp).
    Finst i ulike legemiddelformer, for eksempel som tablettar, mikstur og/eller stikkpiller.
  • Ibuprofen (Ibumetin, Ibux, Nurofen).
    Barn under eitt år, gravide, ammande eller personar med magesår eller astma bør ikkje bruke ibuprofen.

Slimløysande:

  • Bisolvon.
    Mikstur kan brukast av barn frå 2 år, tablettar frå 6 år. Kontakt lege før bruk ved graviditet eller amming
  • Bronkyl.
    Skal ikkje brukast av barn under2år.Gravide,ammandeogpersonar med magesår eller astma bør kontakte lege før bruk.

 
Hostestillande

  • Noskapin (tørrhoste)
  • Solvipect (slimhoste)

Mikstur kan brukast av barn frå 2 år, tablettar frå 6 år. Gravide, ammande og personar som bruker Marevan, skal ikkje bruke Noskapin.
Når det gjeld barn under 1 år og ammande, skal lege bli kontakta før bruk av Solvipect.

Mot sår hals

  • Dekadin, Repsils Fribol, Curamed, Zyx

Barn under 6 år, gravide og ammande bør ikkje bruke Zyx.

Anna

Febermålar

  • Accu temp

Det finst og hygieneovertrekk til febermålarar.


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.