Halsbetennelse

Halsbetennelse (tonsillitt) er ein betennelse i mandlane (tonsillane) som sit bak i svelget og i nærliggjande område. Vanlegvis er det eit forkjølingsvirus som er årsaka, men det finst også andre virus som kan gi halsbetennelse.

​I nokre tilfelle er bakterieinfeksjon grunnen, legen kan då vurdere antibiotika-behandling. Ein halsbetennelse går som regel over av seg sjølv i løpet av 3–7 dagar. Ved bakterieinfeksjon og bruk av antibiotika tar det ofte 2–4 dagar.

Symptom

  • Smerter i svelget 
  • Feber, kjem ofte plutseleg
  • Halsen kjennest tjukk 
  • Barn kan i tillegg ha oppkast og magesmerter
  • Endra stemme 
  • Sjukdomskjensle

 

Visste du at?

  • Mandlane er to kjertlar med lymfeknuteliknande vev som sit på kvar side i halsen. Oppgåva deira er å fange opp bakteriar og virus.
  • Barn og unge er mest utsette for halsbetennelse.
  • Ved bakterieinfeksjon er streptokokkar ofte årsaka.
  • Har du ein bakterieinfeksjon og får antibiotika, er det lurt å byte tannbørste 3–4 dagar etter oppstart. Bakteriane kan overleve i tannbørsten og smitte på nytt etter avslutta behandling.
  • Antibiotika hjelper ikkje ved virusinfeksjon.
  • Halsbyll er ein komplikasjon der bakteriane spreier seg til området rundt mandlane, og gir betydelege symptom.

 

Kva kan du gjere sjølv?

Når du er sjuk, er det viktig å kvile og gi kroppen ro. Det er bra å få i seg væske, dette er spesielt viktig ved feber. Kald drikke kan kjennast ekstra godt og kan lindre ein sår hals. Ved behov kan febernedsettande og smertestillande legemiddel, for eksempel paracetamol, bli brukt. Det finst også halstablettar som verkar smertestillande ved sår hals.

Halsbetennelse blir ofte spreidd gjennom dropesmitte. Unngå å dele glas og bestikk, samt å hoste direkte på andre. God handhygiene er også viktig. Har du ikkje tilgang på vatn og såpe, er det lurt å ha med seg handdesinfeksjon.

Lege bør kontaktast om du:

  • framleis blir dårlegare etter at det er gått 3 dagar
  • kjenner deg spesielt medtatt
  • har store svelgevanskar, hevelse på halsen, vanskar med å gape

Apoteket anbefaler

Smerte- og febernedsettande

Paracetamol

  • Paracet
  • Pinex

Finst i fleire ulike legemiddelformer.

Smertestillande halstablett

  • Zyx

Skal smelte langsamt i munnen. Kan brukast frå 6 år. Barn frå 6–11 år kan få tabletten under tilsyn av ein vaksen pga. legemiddelforma.

Handdesinfeksjon

  • Antibac Pharma

Finst i fleire variantar, gel, spray, serviettar.



Kjelder: nhi.no. fhi.no. felleskatalogen.no.

 


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.