Tørre slimhinner i skjeden

Tørre slimhinner i, og rundt, skjeden er svært vanleg og kjem i hovudsak av minka produksjon av kjønnshormonet østrogen. Om lag halvparten av kvinner over 60 år opplever dette, men også andre aldersgrupper er representerte.

Årsaker til tørre slimhinner i skjeden kan vere:
  • Nedsatt østrogenproduksjon ved, og etter, overgangsalder hjå kvinner
  • Nedsatt østrogenproduksjon etter fødsel
  • Nedsatt østrogenproduksjon etter fjerning av eggstokkane
  • Behandling av kreft med antiøstrogen eller stråling mot eggstokkane
  • Sjøgrens syndrom (revmatisk sjukdom)

 

Tynnare og mindre elastiske slimhinner kan vere mindre motstandsdyktige mot infeksjonar. Den normale bakteriefloraen med mjølkesyrebakteriar vert lett erstatta av tarm- og hudbakteriar. Dette kan gje ubehag i form av lukt og utflod, og i nokre tilfelle skjedekatarr. Når østrogennivået i kroppen går ned, vert slimhinnene i skjeden tynnare, tørre og mindre elastiske. Desse endringane kan gje kløe, svie og sårheit i skjeden. Det er heller ikkje uvanleg med utflod, blødingar og smerter ved seksuell aktivitet.

 

Førebygging av tørre slimhinner

Sterke og parfymerte såper tørkar lett ut slimhinnene i underlivet. For å førebygge dette bør ein unngå hyppig vask, og alltid bruke mild såpe med låg pH, berekna til intimbruk. På sjukehusapoteket kan du finne slike produkt til intimhygiena, for eksempel frå Vivag, Dr. Greve eller Aco intim.

 

Hormonfri eigenbehandling

Det finst fleire hormonfrie produkt som kan nyttast til eigenbehandling av tørre slimhinner i skjeden. Desse produkta (ikkje reseptpliktige) vert også anbefalt for å lindre plagene som kan oppstå etter kreftbehandling med antiøstrogen, eller ved stråling mot, eller kirurgisk fjerning av, eggstokkane. Desse inngrepa kan gje «overgangsplagar» på grunn av lågare nivå av østrogen i kroppen.

  • Normalisering av miljø og bakteriebalanse i skjeden for å motverke ubehageleg lukt, kløe, utflod og irritasjon – fleire ulike typar produkt kan nyttast for å førebygge og behandle:
    • Kapslar med mjølkesyrebakteriar til bruk i skjeden (vagitoriar)
    • Lactal vaginal gel
    • Multi-gyn actigel
    • RepHresh vaginal gel
  • Fuktgjevande middel som bidreg til eit sunt miljø i skjeden
    • ReplensMD er ein langtidsverkande vaginalgel, som skal settast inn via applikator 3 gonger i veka, og gjev rask lindring
    • Vivag 2in1 gel er ein langtidsverkande vaginalgel som skal smørast i intimområdet ved behov. Denne har også glidande effekt og kan derfor vere veleigna ved samleie
    • Aco Intimate Care Soothing Cream balanserar underlivet med ekstra fukt og fett. Kremen lagar ei dekkjande hinne som hindrar uttørking, kjølar og dempar friksjon
    • Aco Intimate Care Moisturising Gel er ein fuktgjevande gelé som balanserar underlivet og gjer ei sval kjensle
  • Ved samleie
    • Bruk glidemiddel ved samleie. På sjukehusapoteket kan du finne fleire ulike merker som er diskret og godt egna til føremålet

 

Eigenbehandling med østrogen

Ved å behandle med østrogen lokalt i skjeden kan ein bygge opp att slimhinna, med den fuktigheit og smidigheit som er normal og sunn. Ein kan også kombinere slik lokal østrogenbehandling med hormonfri behandling som er beskriven ovanfor.

Ovesterin er ein medisin som finst som stikkpillar (vagitoriar) og krem til innføring i skjeden. Enten du brukar stikkpillar eller krem, vil desse virke best etter nokre veker med regelmessig bruk. Du kan ikkje bruke Ovesterin krem som glidemiddel ved samleie.

Du må vere oppmerksam på at Ovesterin ikkje skal brukast viss du har, eller har hatt, brystkreft, ved uregelmessige blødingar eller ved bløding etter overgangsalderen, med mindre dette er avtalt med lege. Sjå elles informasjon om hormonfri eigenbehandling ovanfor.

Det finst også vaginaltablettar som setjast inn i skjeden med applikator, samt vanlege tablettar og plaster med østrogen, eller ein kombinasjon av østrogen og progesteron. Desse er reseptpliktige og skal berre brukast etter samråd med lege.

 

Kontakt lege

Kontakt lege dersom du får utflod som inneheld blod, eller du opplever bløding frå skjeden som ikkje er menstruasjon. Du skal også kontakte lege dersom lokalbehandlinga som du kan lese om ovanfor, ikkje hjelper mot tørrhet og svie i skjeden etter 3 - 4 veker med eigenbehandling.