Blærekatarr

Blærekatarr/urinvegsinfeksjon skuldast bakteriar som kjem inn i urinrøyret og opp i urinblæra. I nokre tilfelle sit infeksjonen i nyrene og nyrebekkenet. Dette er ein meir alvorleg tilstand.

​Symptom

  • Det svir og gjer vondt når du tissar.
  • Du må tisse oftare.
  • Av og til kan ein sjå blod i urinen.

 

Visste du at?

  • Bakteriar frå tarmen er den vanlegaste årsaka til urinvegsinfeksjon.
  • Blærekatarr er meir vanleg hos kvinner enn menn, fordi kvinner har eit kortare urinrøyr.
  • Gravide skal alltid kontakte lege ved mistanke om blærekatarr.
  • Meir enn halvparten av alle kvinner får blærekatarr i løpet av livet.

 

Kva kan du gjere sjølv?

Både ved førebygging og behandling av blærekatarr bør du drikke mykje og tisse ofte for å ”skylje ut” bakteriane. Pass på å alltid tørke deg framanfrå og bakover ved toalettbesøk, dette hindrar bakteriar frå endetarmen i å kome i kontakt med urinrøyret. Antibiotika blir vanlegvis brukt ved blærekatarr, og blir skrive ut av legen din. Enkelte opplever gjentatte urinvegsinfeksjonar. Blir ein ikkje kvitt plagene, bør legen kontaktast for eventuell førebyggande behandling med antibiotika.

'Kvinner etter overgangsalderen kan ha problem med skjøre og tørre slimhinner i underlivet, og dei er dermed meir utsette for urinvegsinfeksjon. Dei kan ha nytte av lokalt østrogentilskot som bygger opp igjen slimhinna. Tilskotet finst både som krem og vagitoriar og blir selt reseptfritt på apoteket. Til kvinner som ikkje ønsker eller kan bruke østrogentilskot, finst det alternativ utan. Som intimvask kan det vere lurt å bruke ei olje i staden for såpe.

Apoteket anbefaler

Førebyggande produkt:

Østrogentilskot

Kan hjelpe kvinner etter overgangsalderen med å bygge opp igjen slimhinnene. 

  • Ovesterin 0,5 mg vagitorier
  • Ovesterin vaginal krem 0,1 %
     

Alternativ til østrogentilskot

Ved tørr skjede.

  • Repadina plus
     

Vaskeolje

Hindrar uttørking av slimhinner ved vask 

  • ACO intimolje

 


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.