Vorter (hand og fot)

 

Vorter er små utvekstar i huda og skuldast eit virus, humant papillomavirus.

Vorter er vanlegast på hender og føter, men kan kome på heile kroppen. Utsjånaden på vorter varierer – dei kan vere kuppelforma, tynne, flate eller knuteliknande. Skrapar ein litt på overflata av vorta, er det vanleg å sjå små mørke prikkar. Dette er ikkje røter som mange trur, men små blodårer. Vorteviruset smittar ved direkte kontakt, eller det blir overført via gjenstandar.

Visste du at?

  • Vorter er mest vanlege i alderen 12–16 år.
  • Vorter på føtene kan vekse innover og bli forveksla med ein liktorn (sjå eige fagkort for meir informasjon om liktornar).
  • Det er vanleg at ein smittar seg sjølv ved at ein overfører vorteviruset frå ein stad til ein annan.
  • Nye vorter er mest smittsame.
  • Vorter smittar lettare i fuktig miljø og når huda er oppbløytt. Bruk gjerne eigna fottøy i offentlege bad og garderobar.


Kva kan du gjere sjølv?

Vorter forsvinn vanlegvis av seg sjølv, men det kan ta lang tid, i nokre tilfelle fleire år. Vil du prøve å fjerne vorta, må du rekne med at det også kan ta lang tid før ho er borte. Det finst fleire typar behandling som kan prøvast.

Har du diabetes eller problem med sirkulasjonen i beina, bør du ikkje behandle fotvorter sjølv, sidan det kan oppstå sår som er vanskelege å få til å gro.

Til barn under 4 år, gravide eller ammande kan du få råd på apoteket.

Apoteket anbefaler

 


Etsande middel:

 

Vortemiddel NAF kollodium

Ta på kvar kveld. Den gamle hinna skal fjernast 1–2 gonger i veka. Behandlinga skal fortsetje til ein har fått ønska effekt. Kan dekkast til med eit hydrokolloidplaster over natta for å forsterke effekten.

Vortefri

Ta på ein gong i veka, til ein har fått ønska resultat

Wartner vortepenn

Skal brukast 2 gonger dagleg i 4 dagar. Deretter vil huda flasse. Behandlinga kan gjentakast opptil 4 gonger dersom vorta ikkje forsvinn etter første behandling. 


Frysespray

  • Noregsplaster Kryo vortefjernar *
  • Scholl Freeze vortefjernar *
  • Wartie vortefjernar *
     

* Vanlegvis er det nok med ei behandling.


Er allmentilstannden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.