Hud og hudsjukdommar

Huda vert rekna for å vere kroppens største organ. Den rammar kroppen inn og sørgjer for at vi held på varme og fuktighet. Huda skaffar oss også informasjon om omgjevnaden gjennom å registrere berøring, trykk, varme, kulde og smerte.

Colourbox.com

Sjukdom i huda presenterer seg vanlegvis gjennom endre utsjånad i huda i form av utslett, sår, små svulstar og pigmentendringar. Andre symptom kan vere kløe, hevelse, ubehag, smerter, hår og negleforandring.
Kva symptom ein vil få og aktuell behandling vil vere avhengig av kva hudsjukdom ein har.

Eksem

Eksem er eit samleomgrep for ei rekke forskjellige sjukdommar der huda er betent og ein opplev at huda klør, er rød, hoven og flassar. Dei vanlegaste eksemtypane er atopisk eksem, kontakteksem, seboreisk eksem og bleieeksem.

Eit eksem kan oppstå akutt i løpet av kort tid, eller det kan vere meir langvarig (kronisk).

Symptom

Eit akutt oppstått eksem er kjenneteikna av rød, hoven og kløande hud, og nokre gonger med væskefylde blemmer. Desse blemmene kan sprekke, spesielt viss ein klorar på dei, og det kan dannast skorper på huda.

Eit kronisk eksem er eit langvarig utslett med kløe der huda ofte vert tørr på flekkvise områder, skjellande og flassande. Ved gnikking og kloring vil huda etter kvart verte tjukkare, og det vert ofte danna smertefulle sprekker i huda som fylgje av dette. Kronisk eksem kan verte verre i periodar, og utslettet vil då kunne likne eit akutt eksem.

Behandling

Val av behandling vil vere avhengig av type eksem og grad av symptom. Behandlinga rettar seg mot å fjerne kløe, dempe betennelse og normalisere hud-barrieren. Lokalbehandling med kortisonkremar samt bruk av fuktgivande krem inngår som regel i ei slik behandling.

Du kan lese meir om ulike eksemtypar og anbefalt behandling her:

Kontakt ditt lokale sjukehusapotek for å få råd og rettleiing i samband med legemiddelbehandlinga.

Psoriasis

Psoriasis er ein kronisk hudsjukdom som kan gje raude og flassande utslett over store delar av kroppen. Årsaka til sjukdomen er ukjent, men kan skuldast arvelege faktorar i familien. Sjukdomen kan utløysast av ytre faktorar som for eksempel stress, infeksjonar og enkelte legemidlar.

Symptom

Under eit sjukdomsutbrot vil dela av huda vere dekka av flassande raude flekkar. Desse områda er skarpt avgrensa frå den friske huda og kan ha ulik storleik og form. Dei kan klø, og nokre gongar kan det dannast sprekker som kan blø.

Symptoma kan variere over tid. Enkelte er aldri heilt symptomfrie, medan nokon berre har eit par flekkar om gongen, og andre kan ha psoriasis over heile kroppen.

1 av 10 slit og med smertefulle og stive ledd, kalla psoriasisleddgikt. Leddgikta rammar som vanleg dei yste i ledda på fingrar og tær.

Behandling

Det fins inga kurerande behandling mot psoriasis, og måle med behandlinga er difor å få sjukdomen mest mogleg under kontroll. Kva behandling som er aktuelle vil vere avhengig av utbreiing og kor store plagar ein har. Det kan vere ein må prøve ulike behandlingar før ein fin den behandlinga som er best egna for den enkelte. I milde tilfelle vil kortisonkremar ofte i kombinasjon med kremer med innhald av vitamin D vere aktuell behandling. I moderate til alvorlege tilfelle kan behandling i form av lysbehandling, tablettar og injeksjonar vere aktuelt.

Du kan lese meir om psoriasis og behandling her.

Kontakt ditt lokale sjukehusapotek for å få råd og rettleiing i samband med di legemiddelbehandling.

Kor mykje kortisonkrem skal vi bruke?

For å sikre at ein påfører riktig mengde (verken for lite eller for mykje) med kortisonkrem eller -salve på eit område er det definert noko som heiter «fingertuppenhet» (FTU). Ein «fingertuppenhet» er definert som mengda med kortisonkrem eller –salve som dekker huda på peikefingeren sitt yttarste ledd (frå tuppen til første hudfald på innsida av fingeren utan å gni kremen). Ei slik eining utgjer ca. 0,5g og er nok til å behandle eit areal som svarar til to vaksne handflater. 
 
Kilde: Legeforeningens tidsskrift: https://tidsskriftet.no/2018/08/klinisk-oversikt/atopisk-eksem

Bruk av fuktgjevande krem

Tørr hud er eit sentralt trekk ved t.d. atopisk eksem. Bruk av fuktgjevande krem opprettar hudbarriera igjen, betrar eksemet, medfører færre tilbakefall og reduserer behovet for bruk av kortisonkremar. Fuktgjevande kremar bør nyttast minimum morgon og kveld, oftare ved behov. Ein bør teste ut fuktgjevande kremar med ulikt innhald av fett for å finne ut kva som fungerer best for den einskilde.

Fuktgjevande krem med karbamid er tilgjengeleg på blå resept for pasientar med diagnosen moderat til alvorleg atopisk eksem. Utgifter til fuktgjevande krem som ikkje vert dekka av blåreseptordninga kan ein søke om refusjon etter folketrygdlova § 5-22. Dette krev legeerklæring frå spesialist.


Du kan lese meir om bidragsordninga her.

Kviser og akne

Dei fleste tenåringar får akne, eller kviser som dei også vert kalla. Nokon får det også som vaksne. Viss ein syns kvisene er skjemmande eller er bekymra for arr, fins det behandling som kan hjelpe.

Akne er berre eit anna ord for kviser. Dersom porer i huda vert tette, kan talg i huda hope seg opp. Då kan det oppstå ein betennelse i talgkjertelen og det er dette vi kallar ei kvise/akne. Kviser skuldast ikkje manglande reinslighet eller inntak av feit mat. Derimot er det studiar som kan tyde på at eit kosthald med høgt inntak av mjølkeprodukt samt mat/søtsaker som inneheld raske karbohydrat kan auke risikoen for å få kviser.

Symptom

Akne kjem oftast i ansiktet, men du kan og få kviser i nakken, på ryggen, brystet eller armar. Du kan få hudormar (små svarte prikkar) eller lukka komedonar (kvite klumpar). Kviser vert raude og betente. Dersom kvisene vert veldig betente, som små byllar, kan det verte arr når dei vert lega. Førebyggande behandling kan heldigvis forhindre arr.

Behandling

Ved lette plagar kan dagleg stell av huda ved hjelp av reingjeringsprodukt og fuktgjevande krem vere nok i seg sjølve eller som støtte til legemiddelbehandling.

Ved milde plager vil lokalbehandling med kremar som inneheld retinoider vere effektivt. Nokre av disse kremane er reseptfrie og nokre krev at ein får resept frå lege.

For å få best mogleg effekt av behandlinga vert det anbefalt å bruke reingjeringsprodukt som er anbefalt for feit hud før påføring av behandlingsprodukt. Behandlingsprodukta vil ofte tørke ut huda slik at det vil vere viktig å bruke ein fuktgjevande og vannbasert krem berekna på feit hud for å tilføre fuktighet til huda.

  1. Reingjering av huda
  2. Påfør behandlingsprodukt
  3. Påfør fuktgjevande krem berekna for aknebehandling

I tilfelle med betent hud og moderate plagar kan behandling med antibiotika vere aktuelt. Enten i form av lokalbehandling på hud eller ved bruk av tablettar. Slik behandling kan og kombinerast med anna lokalbehandling.

Dersom ein er alvorleg ramma av kviser der anna behandling ikkje nyttar, kan tablettbehandling med isotretinoin vere eit alternativ. Dette gjeld spesielt i tilfelle der kviser etterlet seg arr. Ei slik behandling er ikkje utan biverknad og krev tett oppfølging frå lege og vert som vanleg skrive ut frå hudlegar.

Du kan lese meir om kviser/akne og behandling her.

Kontakt ditt lokale sjukehusapotek for å få råd og rettleiing i samband med di legemiddelbehandling.

Rosacea

Sjå eigen artikkel på sav.no.
 
 

Kjelder:
Helsenorge.no
Helsebiblioteket
Norsk legemiddelhandbok
Norsk helseinformatikk
Tidsskrift for den norske legeforening

Fann du det du leita etter?