Er du opptatt av for eksempel linjer, rynker eller ujamn pigmentering, så finst det spesifikke produkt tilpassa dette behovet.
Visste du at?
- Riktig reinsing av ansikt er det første steget i dagleg ansiktspleie. Ansiktsreinsing er viktig. Då blir smuss og avfallsstoff fjerna, og ein får best effekt av serum og krem.
- Ansiktsvatn fjernar restar av reinseproduktet og normaliserer huda sin pH. Tilleggseffektar kan vere å matte eller roe ned.
- Serum er eit “konsentrat” av aktive ingrediensar. Eksempelvis finst det serum som gir ekstra fukt og andre som motverkar rynker.Serum blir alltid brukt under kremen.
- Ansiktskrem med solfilter er viktig både for å førebygge hudkreft og for å førebygge aldringsteikn i huda. Dagkrem med solfaktor bør brukast heile året.
- Augekrem er tilpassa den tynne huda rundt auget. Kremen skal påførast forsiktig rundt augepartiet og i dei fleste tilfelle skal augelokket unngåast.
- Kva for hudtype du har er genetisk, og dette blir som regel ikkje endra over tid. Tilstanden til huda kan derimot endrast pga. ytre faktorar. Eksempel på hudtilstandar er fuktfattig hud, solskadd hud og irritert hud.
Kjenneteikn til ulike hudtypar
Det er din hudtype og hudtilstand som avgjer kva produkt du bør bruke når du pleier ansiktet ditt. På apoteket kan vi saman finne produkt tilpassa din hudtype.
Dersom du har ømfintleg og/eller irritert hud, eller har andre utfordringar som krev spesiell pleie, finst det spesifikke produkt som dekker huda sitt behov på best mogleg måte.
Dersom du får medisinsk behandling for tilstandar i huda, eller påverkar huda på andre måtar, kan vi anbefale spesifikke produkt som er trygge å bruke og som støttar behandlingar du allereie får.
Normal hud
- Frisk farge
- Finspora
- Fast, god elastisitet
- Kjennest ikkje stram eller flassar
- Ingen ureinheiter
Anbefaling til dagleg pleie
- Reinseprodukt som blir brukt med vatn
- Lett dagkrem med solfilter
- Lett nattkrem
- Augeprodukt med lett konsistens – gelé/kremgelé
Tilleggspleie
- Augesminkefjernar
- Finkorna ansiktsskrubb
- Fuktgivande maske
- Serum (fukt/antialdring)
Tørr hud
- Stram, tørr, ru og ujamn
- Små, usynlege porer
- Ofte tynn, bleik, transparent
- Reagerer ofte på vêr og vind
Anbefaling til dagleg pleie
- Reinseprodukt som blir tørka av
- Rik og fyldig dagkrem med solfilter
- Nattkrem
- Augekrem (fukt/antialdring)
Tilleggspleie
- Ansiktsvatn
- Serum eller ansiktsolje (fukt/antialdring)
- Mild, finkorna ansiktsskrubb
- Fuktgivande ansiktsmaske
- Kuldekrem
Blandingshud (svært vanleg)
- Feite, tørre og normale parti samtidig
- Blank T-sone
- Ureinheiter i dei feitare partia
- Fuktfattig overflate
- Ev. ømfintleg hud
Anbefaling til dagleg pleie
- Reinseprodukt som blir brukt med vatn
- Dagkrem med solfilter
- Nattkrem
- Augeprodukt (fukt/antialdring)
Tilleggspleie
- Augesminkefjernar
- Serum (fukt/antialdring)
- Ansiktsskrubb
- Fuktgivande maske
- Spot-on produkt – ved ureinheiter
- Concealer/dekkrem – ved ureinheiter
Feit hud
- Blank og skinande
- Ofte store porer
- Kan ha ureinheiter
- Toler vêr og vind bra
Anbefaling til dagleg pleie
- Reinseprodukt som blir brukt med vatn
- Lett dagkrem/gel med solfilter
- Nattkrem
- Fuktgivande augegele
Tilleggspleie
- Matte produkt
- Ansiktsskrubb
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.