Liktorn

Når huda blir utsett for vedvarande trykkbelasting, blir det danna hard hud. Hudfortjukkinga er kroppen sitt forsvar for å beskytte huda mot vidare slitasje. I enkelte tilfelle blir det danna ein hard kjerne i midten, ein liktorn.

Liktornen stikk inn i huda, og dette kan vere svært smertefullt. Liktornen er klart avgrensa mot resten av huda. Han er tørr, voksaktig og «gjennomskinleg». Fargen varierer frå kvit til grågul, brun eller raud.

Visste du at?

  • Liktornar er vanlegast under fotsolen eller tærne. Liktornane kan oppstå både oppå, under og ikkje minst mellom tærne.
  • Sko eller sokkar som sit dårleg på foten, kan irritere huda og forårsake ein liktorn.
  • Ein liktorn kan forvekslast med ei vorte som veks innover på foten (sjå eige fagkort for meir informasjon om vorter).
  • Du kan førebygge liktornar ved å unngå trykk mot foten, og ved å halde føtene mjuke. Ta regelmessige fotbad, fjern hard hud forsiktig og bruk fotkrem, gjerne dagleg for å halde føtene mjuke.

Kva kan du gjere sjølv?

Dersom du har fått ein liktorn, bør du redusere trykket frå dette området. Mjuk opp huda med fuktkrem, og fjern hard hud med fotfil/pimpstein ved behov.

Bruk eventuelt liktornplaster med salicylsyre for å avlaste og løyse opp liktornen. Det finst i tillegg andre produkt med salicylsyre som kan brukast.

Hjelper ikkje dette, eller dersom du har store problem, diabetes eller dårleg sirkulasjon i beina, bør du kontakte fotterapeut eller lege.

Sjå eige informasjon: generelle råd om fotpleie.

Apoteket anbefaler

 

Behandling

  • Liktornplaster
    Gir trykkavlasting og løyser opp liktornen, inneheld salicylsyre
  • Scholl 2i1 liktorn express penn
    1. Den ytste huda blir skrapa forsiktig av, skal repeterast kvar 3. dag
    2. Ta på væske som løyser opp liktornen, kvar dag 

Førebygging/behandling

  • Mabs tåvern tubeforma
    Eit tubeforma vern som kan klippast til ønska lengde. Innsida som er laga av gele, gir behageleg feste og tilpassing.
  • Scholl tåskiljar
    Tåskiljar


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.