Visste du at?
- Det er viktig å halde føtene tørre. Skift strømper ofte for å unngå gnagsår.
- Gnagsårplaster sit betre om du varmar det i handflata før du set det på.
- Du kan bruke sportstape over gnagsårplasteret for at det skal halde seg på plass.
- Det kan vere lurt å bruke 2 strømper utanpå kvarandre med ei fin, tynn ullstrømpe nærmast huda for å minske friksjonen. Unngå bomullsokkar.
- Jamleg bruk av fotkrem held føtene mjuke og kan førebygge gnagsår.
Hva kan du gjere sjølv for å unngå gnagsår?
- Bruk antignagsårstift som minskar friksjonen og dermed reduserer risikoen for gnagsår.
- Gnagsårplaster eller silketape kan brukast førebyggande på ekstra utsette parti, for eksempel på hælane.
Lindre plagene ved gnagsår
- Gnagsårplaster kan settast på raud hud med/utan blemme og blir brukt til gnagsåret er grodd.
- Har det gått hol på blemma, kan du reinse med desinfiserande middel, alternativt såpe og vatn. Sett på gnagsårplaster når huda er tørr. Dersom blemma inneheld blod, bør du unngå å ta hol på blemma, sidan dette aukar risikoen for infeksjon. Ved mistanke om infiserte sår bør dette undersøkjast nærmare.
- Dersom blemma er svært smertefull og væska ikkje inneheld blod, kan du bruke ei steril skarp nål til å punktere blemma. Stikk forsiktig fleire hol i kanten på blemma, men la overliggjande hud vere. Ha på sårsalve og dekk blemma med vanleg plaster.
Apoteket anbefaler
Anti-gnagsårstift
Skal brukast førebyggande / minskar friksjonen
Gnagsårplaster
Skal brukast førebyggande / lindrande ved gnagsår
Silketape
Skal brukast førebyggande / held gnagsårplaster på plass
Tåskiljar / tåvern
Skal brukast førebyggande / lindrande ved gnagsår
Fotkrem
Skal brukast førebyggande / held føtene mjuke
Desinfeksjonsmiddel
Skal brukast til reinsing av sår
Sårsalve
Drep/hemmar bakterievekst ved sår
- Pyrisept, Brulidine, Bacimycin
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.