Fotsopp

Fotsopp skuldast ein sopp som blir kalla dermatofyttar. Det er soppen sine sporar som spreier smitten, og desse finst ofte i fuktige miljø der mange går berrføtt, for eksempel i offentlege bad og garderobar.

Soppinfeksjonen gjer huda tjukk og skjelete, og er ofte lokalisert mellom to tær (oftast dei to ytste).

Moglege teikn på fotsopp

  • Kløe, stikking og brennande kjensle mellom tærne, særleg mellom dei to ytste tærne
  • Kløe, stikking og brennande kjensle i fotsolane
  • Kløande blemmer
  • Sprekkdanningar i huda og laus hud, særleg mellom tærne og på fotsolane
  • Tørr hud på fotsolane og på sidene av føtene

Visste du at?

  • Fotsopp er mest vanleg hos ungdomar og vaksne. Barn under 10 år får sjeldan fotsopp.
  • Tette og tronge sko og strømper som gjer at føtene blir varme og fuktige, aukar risikoen for fotsopp.
  • Fotsopp blir kalla for «atletfot» då dette er vanleg blant idrettsutøvarar.
  • Gule og tjukke negler kan tyde på soppangrep, men treng ei anna behandling enn fotsopp.
  • Fotsopp kan også vise seg som blemmer på fotsolen eller tørre ytre flak som kan dekke heile foten. Ved visse typar fotsopp er det anbefalt å kontakte lege.

Førebygg fotsopp

  • Hald føtene tørre, tørk mellom tærne etter dusjing
  • Gå berrføtt heime for å lufte føtene
  • Skift sokkar dagleg, sveittar du mykje bør du skifte to gonger dagleg
  • Byt mellom ulike sko slik at skorne rekk å tørke
  • Bruk badesandalar i offentlege garderobar og bad

 

Behandling

Ved milde tilfelle av fotsopp hos vaksne og barn over 12 år kan det vere nok å behandle med lokalverkande legemiddel. Desse kan kjøpast utan resept på apoteket. Ved meir hissige infeksjonar eller når lokale legemiddel ikkje verkar, kan det vere nødvendig med ein tablettkur. Desse treng du resept frå lege for å kjøpe. I visse tilfelle kan det oppstå ein bakteriell infeksjon, då må ein eventuelt ha ein antibiotikakur i tillegg.

Produkt til eigenbehandling av fotsopp:

  • Lamisil krem, liniment eingongsbehandling, spray eller gel
  • Canesten


 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.