Øyrebetennelse

Øyrebetennelse, akutt mellomøyrebetennelse, er ein infeksjon i slimhinna i mellomøyret. Virusinfeksjon er ofte årsaka, men bakteriar kan også gi øyrebetennelse. Når slimhinna i mellomøyret er betent, aukar trykket i mellomøyret. Det er dette som er årsaka til smerter ved øyrebetennelse.

Symptom​

Symptom ved øyrebetennelse kan vere:

  • Smerter i øyret
  • Feber
  • Kjensla av å ha eit lokk for øyret eller høyrselstap
  • Eventuell verk som renn ut av øyret
  • Nedsett allmenntilstand

Visste du at?

  • Små barn og barn inntil skulealder er mest utsette. Dette pga. tronge forhold i mellomøyret og øyretrompeten.
  • Hyppige luftvegsinfeksjonar aukar risikoen for øyrebetennelse.
  • Øyrebetennelse opptrer hyppigast i vintermånadene.
  • Ved øyrekatarr har ein ei væskeoppsamling i mellomøyret.
  • 80 % av alle øyrebetennelsar går over av seg sjølv i løpet av 3 dagar.
  • Barn med øyrebetennelse kan gå i barnehage så lenge dei ikkje har svekka allmenntilstand eller feber over 38 gradar.
  • Det blir sagt at bruk av smokk kan auke risikoen for øyrebetennelse, prøv derfor å avgrense bruken dersom barnet ditt ofte er plaga med øyrebetennelse.

Kva kan du gjere sjølv?

Prøv slimhinneavsvellande nasedropar ved symptom på øyrebetennelse (skal ikkje brukast til barn under 2 år). Smertestillande legemiddel, for eksempel paracetamol eller ibuprofen, kan brukast ved behov.

Ein kan prøve å ligge med hovudet høgt for å minke trykket. Legg for eksempel nokre bøker under beina på senga.

Lege bør kontaktast ved:

  • Nedsett allmenntilstand, feber, og væske som renn ut av øyret
  • Ikkje noko betring etter 2–3 dagar
  • Tilbakevendande øyrebetennelsar

Apoteket anbefaler

Smertestillande

Paracetamol

  • Paracet
  • Pinex

Ibuprofen

  • Ibux
     

Slimhinneavsvellande nasedropar

  • Otrivin Rhinox

Kjelder: www.nhi.no., www.fhi.no, www.felleskatalogen.no.


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.