Hovudverk

Det er mange årsaker til hovudverk, f.eks. stress, spente eller strekte musklar, forkjøling, influensa, synsfeil eller migrene.

Hovudverk er i dei aller fleste tilfelle ufarleg. I sjeldnare tilfelle kan hovudverk vere forårsaka av ein meir alvorleg tilstand. Det er derfor viktig å ikkje ignorere uforklarleg hovudverk eller hovudverk som stadig blir forverra.

 

Visste du at?

  • 8 av 10 nordmenn har hatt hovudverk i løpet av det siste året.
  • Det finst mange typar hovudverk; spenningshovudverk og migrene er to vanlege typar.
  • Regelmessig søvn, bra kosthald og regelmessig fysisk aktivitet kan førebygge enkelte typar hovudverk.
  • Uregelmessig søvnmønster kan gi hovudverk.
  • Dehydrering kan gi hovudverk. Det er viktig å hugse på å drikke når det er varmt og når ein sveittar mykje.
  • Overforbruk av blant anna smertestillande legemiddel kan gi hovudverk i seg sjølv. Dette er den vanlegaste årsaka til kronisk hovudverk.
  • Hovudverk saman med tjukt gulgrønt snørr kan vere teikn på biholebetennelse.

Kva kan du gjere sjølv?

  • Ein kald klut på panna og kvile kan hjelpe.
  • Dersom du er ofte plaga av hovudverk, er det lurt å føre ein hovudverkkalender for å finne ut om det er eit mønster. På denne måten er det lettare å påverke årsaka til hovudpina og kanskje unngå dette.
  • Er årsaka til hovudpina spente musklar, kan massasje, avslappingsøvingar og ev. lettare fysisk aktivitet vere bra.
  • Paracetamol er førstevalet ved behandling av kortvarige lette til moderate smerter.

Apoteket anbefaler

 

Reseptfrie legemiddel ved hovudverk:

Paracetamol

  • Paracet

  • Pinex

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

  • Mikstur

  • Stikkpille

  • Bruse-tablett

  • Granulat/smeltetablett (ta utan vatn)

  • Gel

Ibuprofen

  • Ibux

  • Ibumetin 

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

  • Mikstur

  • Gel

Diclofenac

  • Voltarol

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

  • Gel

Paracetamol/Koffein

  • Paracetduo

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

 


Kjelder: Apotekforeininga, Norsk Helseinformatikk, Felleskatalogen

 


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.