Sondeernæring

Sondeernæring/enteral ernæring (EN), nyttast av dei som ikkje klarar å ete og drikke nok til å dekke næringsbehova sine.

Sondeernæring kan ein gje via ein tynn slange som går inn i nasa og ned til magesekken eller tynntarmen, eller ein kan lage til ein tilførsel på magen (gastrostomi) med eit kateter som går direkte inn i magesekken eller tynntarmen. Mange brukar sondemat i tillegg til å ete sjølve.

Ulike typar sondeernæring

Det er mange ulike typar sondeernæringar på marknaden. Dei viktigaste faktorane som skil dei ulike produkta frå kvarandre, er energitettleik (kcal/ml), om produktet inneheld fiber eller ikkje, samt proteininnhald.

Fleire produsentar lager såkalla «complete»-løysingar i ulike størrelsar, der ein pose skal dekke dagsbehovet for energi, protein, vitamin og mineral.

Utanom dei vanlege standard sondeløysingane, er det i tillegg ei rekkje produkt som er skreddarsydde for ulike diagnosar som Crohns sjukdom, diabetes type 2, nyresvikt, malabsorpsjon, kumelkproteinallergi, kreft, væskerestriksjonar og trykksår.


 

Nyttige lenker