Næringsdrikkar

Næringsdrikkar og andre næringstilskot tilfører kroppen ekstra energi, protein, vitamin og mineral.

​I periodar av livet kan ein ha behov for næringsdrikkar, for eksempel når appetitten er dårleg. Det finst også næringsdrikkar som er laga til menneske med ulike sjukdomar.

Nokre næringsdrikkar er fullverdige, det vil seie at dei kan brukast som einaste ernæring. Dei har eit balansert innhald av næringsstoff som kroppen treng. Andre næringsdrikkar er ikkje fullverdige, som vil seie at dei blir brukte som tillegg til mat.

Visste du at?

  • Behovet for næringsdrikkar kan kome i alle aldersgrupper, men størsteparten ser ein blant kvinner over 50 år.
  • Næringsdrikkar for barn førebygger kraftløyse og vektnedgang ved ulike sjukdomstilstandar, som for eksempel omgangssjuke.
  • Eldre menneske er spesielt utsette for underernæring, spesielt ved tygge- og svelgeproblem, depresjon, einsemd, demens, nedsett fysisk funksjonsevne osv.
  • Ein fullverdig næringsdrikk med fiber svarer til 2 brødskiver med smør og pålegg, samt ein tablett med vitamin- og mineraltilskot.
  • Næringsdrikkar kan nytast varme, kalde, som smoothie eller is.
  • Pulver/drikke med nøytral smak kan brukast som tilsetting i vanleg mat. Dette kan ein strø direkte i maten, i vaffelrøra eller på kaka.
  • Apoteket har eit rikeleg utval av ernæringsprodukt tilpassa ulike behov.
  • Næringsdrikkar blir i spesielle tilfelle dekte på blå resept.


Næringstilskot finst i mange forskjellige typar og smakar

  • Mjølkebaserte drikkar
  • Yoghurtliknande drikkar
  • Saftbaserte drikkar
  • Dessertar
  • Supper
  • Pulver

 

Apoteket anbefaler


Generelt:

Barn over 1 år

Ved nedsett matlyst og behov for ekstra næring i forbindelse med sjukdom

Produkt:

  • NutriniKid
  • Resource Minimax
  • Frebini

Barn over 6 år og vaksne

Ved underernæring eller behov for ekstra næringstilskot

Produktanbefaling:

  • Nutridrink
  • Resource
  • Fresubin

 

   

Spesielle behov/indikasjonar:

Ved fordøyingsproblem og behov for ekstra næring

Kvifor: Ekstra fiber verkar mageregulerande og er bra for tarmfunksjonen

Produktanbefaling:

  • Nutridrink Multi Fibre
  • Resource 2.0+ Fibre
  • Fresubin 2kcal drink Fiber

I forbindelse med sårheiling

Kvifor: Protein- og næringsrik kost bidrar til raskare sårheiling

Produktanbefaling:

  • Nutridrink Protein
  • Resource Protein
  • Fresubin Protein-drikk
  • Cubitan (ved trykksår)
     

Redusert matlyst pga. kvalme

Kvifor: Ekstra mykje næring i forhold til mengde

Produktanbefaling:

  • Nutridrink Compact
  • Fresubin 2 kcal mini
     

Ved ønske om saftliknande næringsdrikk

Kvifor: Næringsdrikker med saftliknande smak og konsistens

Produktanbefaling:

  • Nutridrink Juice
  • Resource Addera+
  • Fresubin Jucy
     

Når det er vanskeleg å svelge

Kvifor: Produkt med tjukkare konsistens er enklare å svelge

Produktanbefaling:

  • Nutridrink Creme
  • Fresubin Creme
  • Fresubin Yocreme
  • Nutridrink Yoghurt
     

KOLS

Kvifor: Næringsdrikk med redusert volum og samansetting kan bidra til å unngå full magesekk og press mot lungene

Produktanbefaling:

  • Respifor (anbefalt å drikke før fysisk aktivitet/trening)

 


 

 

Sortimentet kan variere frå apotek til apotek, men det er mogleg å bestille alle variantar.Dei tilsette på apoteket vil hjelpe deg med å finne det du treng.


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.