Kosttilskot

Vanlegvis får vi det vi treng gjennom maten vi et, men det finst tilfelle når kroppen vår treng kosttilskot. Barn, ungdom, gravide, folk som slankar seg og eldre er eksempel på grupper som kan trenge kosttilskot.

Kosttilskot er produkt som supplerer kosten, for eksempel vitamin, mineral og omega-3.

Visste du at?

  • Vitamin må tilførast via maten vi et, fordi kroppen ikkje sjølv er i stand til å produsere desse. Ved soleksponering blir D-vitamin produsert i huda.
  • Generelt sett får den norske befolkninga i seg for lite D-vitamin.
  • Tran er ei viktig kjelde til D-vitamin og omega-3.
  • Omega-3 og D-vitamin finst naturleg i feit fisk. 200 g feit fisk per veke er anbefalt, for eksempel laks og makrell.
  • Sola er ei viktig kjelde for D-vitamin. Det blir sagt at 20–40 minutt i sola (utan å bli brent) to gonger i veka kan gi kroppen tilstrekkeleg med D-vitamin.
  • Det finst komplette tilskot til gravide og ammande.
  • Barn som blir amma, får omega-3 via morsmjølka når mor et nok feit fisk eller tar kosttilskot.
  • C-vitamin aukar opptaket av jern.
  • Kalsium og D-vitamin er viktig for beinbygninga.
  • Kalsium kan hemme opptak av jern. Ikkje drikk mjølk samtidig som du tar jerntilskot. Det bør gå minst to timar mellom inntak av desse.
  • Fleire av B-vitamina, for eksempel B12, inngår i bloddanninga. I ein rehabiliteringsfase etter operasjon eller sjukdom kan det derfor vere behov for ekstra tilskot av desse.

 

Kva kan du gjere sjølv?

  • Dersom du ikkje et feit fisk regelmessig, bør du ta dagleg tilskot av tran eller eit anna omega-3-tilskot.
  • Får du ikkje i deg tilstrekkeleg D-vitamin, bør du ta tilskot av tran eller D-vitamin, spesielt i periodar av året med lite sol.
  • Ved lågt energiinntak bør du vurdere å ta eit multivitamin-mineraltilskot
  • Kvinner i fertil alder bør ta folat kvar dag frå ein månad før forventa befrukting og i dei første 3 månadene i graviditeten.
  • Kvinner over 50 år får ofte i seg for lite kalsium og kan trenge tilskot.
  • Enkelte kan ha behov for jerntilskot, særleg kvinner som menstruerer*.

Apoteket anbefaler

Eksempel på tilskot og kven som kan trenge dei:

D-vitamin**

  • Dei som ikkje et feit fisk regelmessig
  • Barn frå 4 vekers alder
  • Eldre

 

Kalsium

  • Gravide
  • Dei som ikkje et/drikk meieriprodukt
  • Personar som slankar seg
  • Eldre


Jern*

 

  • Menstruerande kvinner
  • Gravide

 

Multivitaminmineraltilskot

  • Kresne barn
  • Gravide
  • Allergikarar/intolerante
  • Personar som slankar seg
  • Lågt energiinntak / einsidig kost
  • Ofte sjuke personar
  • Eldre

 

Folat***

  • Gravide
     

Omega-3

  • Dei som ikkje et feit fisk regelmessig
  • Gravide
     

B-vitamin

  • Eldre


* = Jernmangel må alltid påvisast av lege før ein startar med jerntilskot
** = I Noreg har enkelte meieriprodukt fått tilført D-vitamin
*** = Ein månad før forventa befrukting og dei tre første månadene i svangerskapet


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.