Intravenøs ernæring

Intravenøs ernæring (PN, parenteral ernæring) gjev ein fortrinnsvis til dei som ikkje har fungerande tarm.

Avhengig av behov kan ein gje intravenøs ernæring som:
  • enkeltståande komponentar (fett, aminosyrer, glukose),
  • tokammerposar (glukose og aminosyrer) eller
  • trekammerposar (glukose, aminosyrer og fett

Nokre har behov for PN som eit tillegg til sondeernæring eller inntak av vanleg mat, medan andre lever berre på PN, såkalla total parenteral ernæring (TPN).

All parenteral ernæring gjev ein i blodbana. Nokre parenterale typer kan ein gje i perifer venekanyle, dersom ein skal nytta dette over kortare tid (ca. 1 veke). Er ein avhengig av total parenteral ernæring eller parenteral tilleggsernæring over tid, må ernæringa tilførast ei stor vene ved hjelp av sentralt venekateter, Hickmannkateter eller veneport. Det er viktig at kateteret blir handsama riktig for å unngå infeksjon. Dei som får parenteral ernæring heime, vil få opplæring i stell av kateteret og som regel oppfølging av heimesjukepleie.

For at parenteral ernæring skal vere fullverdig og trygg å bruke over tid, må ein setje til vitamin, mineral og sporstoff. Dette blir gjort på sjukehusapoteket.

Sjukehusapoteket gjer også tilsettingar til, og skreddarsyr, posar til pasientar som treng spesialtilpassa PN.​


Nyttige lenker