Hjartesunne levevanar

Hjartet si oppgåve er å halde deg i live – oppgåva di er å ta vare på hjartet ditt.

Hjartet er den viktigaste muskelen din. I kvile slår hjartet vanlegvis mellom 60–80 slag i minuttet, og i løpet av ein heil dag har det slått minst 86 000 slag. Hjartet kviler aldri, det jobbar kvart sekund og tar seg aldri ein pust i bakken.

​Hjarte- og karsjukdommar er eit samlenamn for sjukdommar som oppstår i hjartet og blodårene. Dei to vanlegaste sjukdommane er hjarteinfarkt og hjerneslag.

Sjukdommane skuldast at kolesterol blir avleira i blodåreveggene og medfører åreforkalking. Dersom ei blodåre blir heilt tilstoppa rundt hjartet eller i hjernen, oppstår eit hjarteinfarkt eller eit hjerneslag.

Hjarte- og karsjukdommar er den største dødsårsaka i Noreg. Det er derfor viktig at du tar vare på hjartet ditt ved å leve litt meir hjartesunt. Hjarte- og karsjukdommar kan ein i stor grad førebygge med sunne levevanar.

 

Fem hjartesunne levevanar

  1. Ver fysisk aktiv. Vaksne bør vere fysisk aktive minst 30 minutt om dagen. Bruk beina og sykkelen framfor bilen, ta trappa i staden for heisen. Jamleg fysisk aktivitet har fleire fordelar: Det gode kolesterolet vil auke, blodtrykket vil gå ned, vekta vil bli meir stabil og du får meir overskot.

  2. Spis hjartesunt. Å ete sunt er gunstig for alle. Eit sunt kosthald handlar om variasjon, og ikkje nødvendigvis om å kutte ut matvarer. Dersom du følger kosthaldsråda til styresmaktene, kan du vere trygg på at dette er råd som er godt dokumenterte.
    Du gjer mykje sjølv med enkle grep. Det handlar om å ete mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornvarer, mindre sukker, mindre salt og å velje matvarer som inneheld umetta feitt framfor metta feitt.
    Les meir om hjartesunn mat på Helsedirektoratet: Råd for kosthald
     
  3. Stump røyken. Dersom du røyker, er røykestopp det beste du kan gjere for helsa di. På apoteket finst ulike nikotinerstatningsprodukt for deg som ønsker å slutte å røyke. Ta gjerne kontakt med apoteket dersom du ønsker informasjon om kva som passar deg best.
    Les meir om røykeslutt på helsenorge.no

  4. Sjekk familiehistoria. Risikoen for hjarte- og karsjukdommar kan vere dobbelt så høg når foreldre eller søsken er ramma i tidleg alder. Har du nokon i nær familie som er ramma, er det desto viktigare å følge dei hjartesunne råda.

  5. Kjenn verdiane dine. Viktige risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar er blodsukker, blodtrykk og kolesterol. Du kan ikkje kjenne på kroppen om du har høgt kolesterol, og ofte ikkje om blodtrykket eller blodsukkeret er høgt. Det er derfor viktig at du kjenner verdiane dine. Små endringar i livsstil og kosthald vil kunne påverke verdiane i gunstig retning og redusere risikoen for sjukdom.
     

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.