Gode råd om næringsdrikkar

Når matlysta er dårleg, er det ofte lettare å drikke, enn å ete. Ferdiglaga næringsdrikkar er eit godt supplement til maten.

Enkelte næringsdrikkar kan også fungera som einaste næring, under føresetnad at ein drikk nok til at energibehovet blir dekka og ein ikkje går ned i vekt.

 

Generelt

  • Næringsdrikkar smakar som regel best når dei er kalde.
  • Server gjerne i glas med isbitar.
  • Dersom du er var for lukt, kan det vere best å drikke med sugerør direkte frå flaska. Stikk sugerøret gjennom folien som er over opninga på flaska.
  • Drikkar med sjokolade-, mokka- eller cappuccinosmak smakar godt også varme. Varm i gryte til det startar å ryke. Må ikkje koka. Server med krem.
  • Drikkar med vaniljesmak kan brukast som vaniljesaus.
  • Både mjølkeliknande og saftliknande næringsdrikkar kan frysast til is/slush.
  • Bruk drikkane som ingrediens i smoothie og milkshake.
    Saftliknande drikker kan blandast ut med litt sitronbrus, saft, eplemost, eplejuice e.l. for å variera smaken.
  • Dersom ein heil næringsdrikk blir for mektig, kan ein i staden ta næringsdrikken som «shot» for å redusera volumet, for eksempel 50 ml x 4 ved ei flaske på 200 ml.
  • Haldbarheit etter opning er 24 timar.


Viktig informasjon om næringsdrikkar til barn

  • Det finst eigne næringsdrikkar og sondeernæringar som er spesialtilpassa barn med tanke på nivå av vitamin, mineral og sporstoff.
  • Produsentane har ulike grenseverdiar for når barn kan gå over til pulver og næringsdrikker tilpassa vaksne. Dette må derfor sjekkast i kvart enkelt tilfelle.

Fullverdige næringsdrikkar

Du kan erstatta alle måltider med fullverdige næringsdrikkar, men dei kan også fungera som mellommåltid eller supplement til vanleg mat.

Kven kan bruke fullverdige næringsdrikkar?

  • Alle som treng å supplere kosten med ekstra næring, vitamin og mineral

Kva inneheld fullverdige næringsdrikkar?

  • Balanserte mengder av alle næringsstoff, inkludert vitamin og mineral. Ei rekke næringsdrikker inneheld i tillegg fiber som er gunstig for tarmfunksjon. Dei fiberholdige variantane er også førsteval dersom ein har diabetes, då fiberinnhaldet vil vera gunstig for blodsukkerreguleringa.
  • Fullverdige næringsdrikkar er mjølkeliknande i konsistensen og kjem i smakar som for eksempel sjokolade, vanilje, jordbær, cappuccino, kaffi, tropisk frukt og sitron. Det finst også nokre yoghurtliknande variantar som er syrligare på smak.

Dei fleste drikkane kjem i flasker på 200 ml som kvar inneheld 300 kcal, men det finst også ekstra energitette, fullverdige drikkar med 400 kcal på 200 ml, eller 300 kcal på 125 ml.

Klare næringsdrikkar

Du kan ikkje nytte klare næringsdrikkar som einaste næring. Dei inneheld berre eit utval av næringsstoff og må derfor berre nyttast som tilskot til vanleg mat. Drikkane er saftliknande i konsistensen og fine som måltidsdrikk.

Kven kan bruke klare næringsdrikkar?

  • Dei klare næringsdrikkane er frie for fett og kan anbefalast til pasientar med svekka opptak av fett (fettmalabsorpsjon), for eksempel ved:
    • Crohns sjukdom
    • Stråleskadd tarm
    • Pankreatitt
  • Dei klare næringsdrikkane kan generelt også nyttast av alle som treng næringsdrikkar. Dei inneheld ikkje fiber og for dei som har diabetes vil førstevalet vere fiberholdig næringsdrikk.

Proteinrike næringsdrikkar

Dei proteinrike næringsdrikkane har eit høgare innhald av protein enn dei fullverdige drikkane, men er ganske like i smak og konsistens. På grunn av det høge innhaldet av protein, anbefalar ein desse hovudsakeleg som tilskot; maks 3 stykk dagleg. Dei proteinrike drikkane anbefalast ofte til dei som har gått mykje ned i vekt, kreftpasientar og kirurgiske pasientar, men kan nyttast av alle som treng eit ekstra tilskot til maten.

Sjukdomsspesifikke næringsdrikkar

Det finst fleire ulike næringsdrikkar på marknaden som er skreddarsydde for ulike sjukdommar, bl.a. Crohns sjukdom, nyresvikt, kols og trykksår.

Nyttige lenker