Få ein god start med hjertemedisinen din

Undersøkingar viser at mange med kroniske sjukdommar bruker legemidla sine feil. Det er også mange som slutter med medisinen sin etter ein stund utan å seie i frå til legen sin. Dette er også tilfelle for hjerte- og kar-legemiddel . Samtidig så veit ein at feil bruk og dårleg etterleving av behandlinga kan få alvorlege konsekvensar for dei pasientane dette gjeld.

 

Det kan vere vanskelig å motivere seg for å ta medisinar, spesielt dersom ein skal bruke dei resten av livet. Kunnskap om korleis medisinane verker og kvifor det er viktig å ta dei, gjer det lettare akseptere medisinbruken.

Pasientar som startar på behandling av hjerte- og kar-legemidlar får derfor no tilbod om ein ekstra samtale med farmasøyt når ein skal starte med medisinen. Den nye tenesta heiter «Medisinstart» og kan ein bestille i alle våre sjukehusapotek.

Hensikta med tenesta er at pasientane skal få betre forståing for korleis dei skal bruke den nye medisinen, slik at dei er motivert for behandlinga, blir mindre bekymra og kan få råd om praktisk bruk og handtering av eventuelle biverknader. Farmasøyten gir ikkje råd som endrar behandlinga.

 

 

Har du spørsmål knytta til tenesta Medisinstart? 

Kontakt eit av våre sjukehusapotek

Nyttige lenker om Medisinstart

Om Medisinstart på Helse Norge Om Medisinstart på Apotek.no Gode erfaringar med Medisinstart ved Sjukehusapoteket i Førde

Podkast om Medisinstart

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.