Retningslinjer KLUT monitorar og andre gjester under korona

Frå 29.01.21 er det innført innreiseforbod, les meir her.

Det er no etablert retningslinje for SAV knytt til besøk av KLUT monitor og andre gjester under koronapandemien. 

Skjema for grensekontroll er lagt til 30.11.20.

Før besøket vurderast følgjande:

  • Er det heilt nødvendig å gjennomføre aktiviteten?
  • Er det nødvendig at aktiviteten gjennomførast fysisk?
  • Kan dette gjennomførast utanfor apotekets lokalar?
  • Kan aktiviteten gjennomførast i eit lokale som sikrar tilstrekkeleg avstand?
  • Må deltakarar reise kollektivt for å delta (ein reise ein elles ikkje ville gjennomført?)
  • Har nokon av deltakerane pasientnært arbeid?
  • Kan generelle bestemmingar knytt til smittervern (avstand mm.) overhaldast gjennom seansen?

 

Om følgjande kriterier oppfyllast kan stadlege monitoreringsbesøk gjennomførast:

  • Monitor/gjest kryssar "nei" på alle spørsmål på pre-screening.
  • Monitor forholder seg til KLUT-kontaktperson
  • Monitor/gjest  bruker munnbind når 2 meter  avstand ikkje kan oppretthaldast, og i tråd med gjeldande lokale reglar.
  • Monitor oppheld seg på kontor reservert for KLUT med minst mulig ferdsel i kontorlandskapet
  • Nyttast tastatur/mus/printer, spritast dette av før og etter besøket
  • Vanlige regler for smittevern (avstand, handhygiene mm.) blir følgd
  • Nasjonale anbefalingar for smittevern vert etterleva før, under og etter besøket (jfr. føresegn knytt til reise og karantenekrav mm.) 
  • Besøket gjennomførast innanfor normal arbeidstid
  • Besøket må være klarert av KLUT-koordinator /KLUT ansvarlig/ apotekar (for andre gjester) på førehand (tidspunkt/varigheit)
  • Bruk skjema under til dokumentasjon grensekontroll

Grensekontroll for helsepersonell som kjem til Norge (DOCX)

Besøket omfattast av gjeldande regler for testing og karantene for tilsette i SAV.

  • Frå 17.02 er det unntak frå karanteneplikt for utanlandsk helsepersonell som er samfunnskritisk personell og strengt nødvendig for å sikre forsvarlig drift, er fullvaksinert mot SARS-CoV-2 og som jobbar for spesialisthelsetenesta eller kommunehelsetenesta i Norge.  
  • Arbeids- og oppdragsgjevar pliktar å innhente og vurdere dokumentasjon på vaksinasjonen. Leverandører/sponsor sørger for å opplyse om vaksinestatus og legg fram dokumentasjon som kan kontrollerast dersom det vert tilbode helsepersonellvikarar som er fullvaksinert. Dokumentasjonen må føreligge ved vurdering av kandidat og må være tydeleg, etterretteleg og mulig å kontrollere. Det er viktig at det vert informert om korleis kontroll av vaksinasjon kan utførast, (eventuelle kontaktinformasjon) i tillegg til dokumentasjon. Helseføretaka er ansvarlig for kontroll av dokumentasjon. Unntaket kan nyttast i helt spesielle tilfelle. Les meir her.



Fann du det du leita etter?