Verdens Psoriasisdag 29.oktober

Ein meiner at om lag 2-3 prosent av den norske befolkninga har psoriasis. Kontakt ditt sjukehusapotek for gode råd og rettleiing.

Psoriasis er ei kronisk inflammatorisk og systemisk sjukdom som gjer at ein får tjukke skjeldanningar og som dekker ei rød og sår hudoverflate. Psoriasis kan førekomme over alt på kroppen, men er hyppigare observert på bein og armer, i hovudbotn, på hender og føter, i ansiktet ved hårfeste eller rundt nase og augebryn.