Styringsdokumentet som Helse Vest har gitt oss for 2019 gir konkrete helsefaglege mål og stiller krav til økonomiske resultat. Det bygger på eit Oppdragsdokument frå helseministeren til Helse Vest, og konkretiserer forventingane som blir stilte til SAV som helseføretak.
Involvering og medverknad
Med prinsippet «Pasienten si helseteneste» blir det sett økt fokus på at pasienten skal oppleve respekt og openheit, få medverke i val av eiga behandling og medverke i måten behandlinga blir gjennomført på.
- Som helsepersonell må vi derfor involvere pasienten i prosessane før val av behandling, slik at pasienten har tilstrekkeleg innsikt til å medverke. Dette stiller nye krav til oss. I tillegg til fagkompetansen må vi meistre dialogen med pasienten for å få dette til, seier Bolstad.

Pasienten si helseteneste
Gode tenester med mindre ressursar
Undersøkingar viser at folk flest har stor tillit til apotek, og stolar på legemiddelbehandlinga dei får.
Samtidig er det utfordrande å leve opp til forventingane når vi veit at ressursane ikkje vil auke i takt med behovet. Derfor vi må både effektivisere, finne nye måtar å levere tenestene på og utvikle nye tenester.
- Innovasjon og teknologi er to stikkord i Styringsdokumentet, og denne passaren oss i SAV godt for vi ønsker sjølvsagt å arbeide både smartare og betre, seier Bolstad.

SAV skal vere