- Sjukehusapoteka Vest har eit viktig samfunnsoppdrag og vi må gjere det som er mogeleg for at helsekronene nyttast mest mogeleg effektivt. Ein av dei viktige oppgåvene er å følgje opp gjeldande innkjøpsavtalar og hjelpe sjukehusa i Vest å hente ut dei gevinstane som ligg i avtalane, seier legemiddeløkonomisk rådgjevar Steinar Vik.
Foto: Legemiddeløkonomisk rådgjevar Steinar Vik
Trenden er aukande
Samla innkjøp av legemidlar i Helse Vest var på nærare 1,4 mrd NOK i 2017, og trenden er aukande. Overføring av finansieringsansvar for legemiddel til spesialisthelsetenesta og nye kostbare legemiddel er viktige drivarar for auken.
Foto: Fagdirektør Christer Bakke Frantzen
- Etterleving av innkjøpsavtalane og samarbeid med regionhelseføretaka er viktige oppgåver for å avgrense kostnadsveksten. Vi skal hjelpe sjukehusa å følgje opp avtalene og gjere det lettare å handle etter gjeldande innkjøpsavtalar, seier Christer Bakke Frantzen, fagdirektør i Sjukehusapoteka Vest.
Lang erfaring innan apotekbransjen
Steinar Vik ser fram til å jobbe saman med dei ulike fagmiljøa i sjukehusapotekføretaka og helseføretaka. Vik har jobba som apotekar på Stord sidan 2003, og har tidlegare erfaring som militærapotekar, bestyrer og provisorfarmasøyt. Han har fleire års erfaring som rådgjevar for reduksjon av legemiddelkostnader ved skipshospital i den norske offshoreflåten.