Sjukehusapoteket – trygt, kvalitetsbevisst og moderne!

Sjukehusapoteka Vest leverer legemiddel til deg om du er pasient på sjukehuset og til deg som besøker apotekutsalet på sjukehuset. Nokon er også godt kjende med oss fordi vi produserer spesialtilpassa legemiddel eller ernæringsløysingar. Er du pasient på sjukehuset nyt du godt av at legemiddelrutinar er kvalitetssikra, og at vi bidreg med ekspertråd på legemiddelområdet som del av sjukehusa sin pasientbehandling.

 

​Eit trygt val for deg som er kunde

Vi kontrollerer at medisinen du får med deg heim frå apoteket er vurdert opp mot andre legemiddel du bruker, at dei er oppbevart ved rett temperatur og er ekte. Ein skulle tru at falske legemidlar er noko vi er skåna for, men slik er det altså ikkje. Det er ikkje alltid nok å få rette legemiddel, vi er opptatt av at du og skal få gode råd om bruken av desse.

Fagdirektør Christer Bakke Frantzen

Fagdirektør Christer Bakke Frantzen

Når det er sjukehusapoteket som produserer legemiddel til deg dokumenterer vi at det har rette innhalds- og verkestoff i føreskriven mengde, at produksjonen er gjort på rett måte og at lokalar held rett standard. Dette arbeidet er underlagt høge krav til kvalitet og dokumentasjon som våre tilsette er spesialopplærd for.

Trass i kontrollar og førebyggjande tiltak kan det oppstå feil. Alle feil og eventuelle klager blir registrert og systematisert i vårt spesialsystem for oppfølging og behandling av kvalitetssvikt og for forbetring. På denne måten kan vi lære, både der feilen fann stad og i andre einingar. Den viktigaste pasienttryggleiken er at vi førebygger at feil skjer.

Eit godt val for deg som er tilsett

Sjukehusapoteka Vest skapar verdiar som fellesskapet nyttar. Når vi skapar overskot brukar vi midlane til å modernisere og utvikle organisasjonen vidare. Den enkelte tilsette kan gje forslag til forbetring av arbeidsprosessar gjennom kvalitetssystemet, og vi har openheit om avgjerdsprosessar i føretaket.

Leiinga sitt ansvar

Våre leiarar er gitt mynde til å jobbe systematisk med forbetring og oppfylling av krav til leiing og kvalitetsforbetring på sine ansvarsområde.

Skal Sjukehusapoteka Vest vere eit trygt val også framover må vi aldri slutte å arbeide systematisk og målretta. Vi må starte med oss sjølve, og glede oss over at vi er så privilegerte at vi kan samarbeide med sjukehusa og ikkje minst dei som er brukar av ulike tenester. Skulle du ikkje være nøgd med oss så takkar vi deg om du seier i frå.

Du kan lese meir om krav til helsetenesta på området i Helsedirektoratet sin rettleiing til Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring.