Samarbeid om legemiddelberedskap for norske sjukehus

Frå 1. januar 2020 etablerer de fire sjukehusapotekføretaka i Norge eit tettare samarbeid om beredskap. Føremål med dette er å samordne aktivitet, styrke oppfølging av og kompetanse om beredskap på legemiddelområdet i spesialisthelsetenesta.

 

​Dei fire sjukehusapotekføretaka i Norge (Sjukehusapoteka Vest HF, Sykehusapotek Nord HF, Sykehusapotekene Midt og Sykehusapotekene SØ) har ansvar for forsyningskjeda for legemiddel til spesialisthelsetenesta. Kvart regionhelseføretak (RHF) er eigar av sjukehusapotekføretaket i si region.

Sjukehusapotekføretaka har det siste året arbeidd med eit nasjonalt

samarbeidsprosjekt om legemiddelberedskap (SAMLE).
Hovudmålsetting for arbeidet har vore bidrag til auka pasienttryggleik
gjennom betra legemiddelberedskap i spesialisthelsetenesta. Prosjektet leverte sluttrapport i oktober 2019.
- I arbeid med analyse av legemiddelberedskapen ser vi at det er eit potensial for å hente ut synergiar gjennom betra koordinering og tettare samarbeid om en del nøkkeloppgåver. Dette gjeld til dømes kompetanse, øving av beredskap, felles rutinar og oppfølging av leverandørar, fortel
Christer Bakke Frantzen, fagdirektør i
Sjukehusapoteka Vest.

SAMLE-prosjektet sine anbefalingar

I november slutta sjukehusapotekføretaka sitt felles direktørmøte seg til prosjektet sine anbefalingar om framtidige samarbeidsområder og organisering av samarbeid:

  • Samordning av tiltak i føretaka sine beredskapsplaner for sikring av kritisk infrastruktur, oppfølging av store hendingar av ulik type og vedlikehald av felles overordna risikoanalyse.
  • Tettare samarbeid for å stette krav til beredskapslagring av legemiddel for spesialisthelsetenesta. Under dette særleg samordning av planlegging, etablering og forvalting av beredskapslager for legemiddel i sjukehusapotek og felles standard for dette.
  • Etablere felles tilråding for kompetanse, kompetanseutvikling og øving på beredskapsområdet.
  • Samarbeid om å ivareta spesialiserte områder på beredskapsfeltet.
  • Etablere felles desentralisert beredskapsadministrasjon med ansvar for planlegging, oppfølging og drift av definerte beredskapsoppgåver, og i tillegg yte bistand og støtte opp om koordinering mellom føretaka ved beredskapssituasjonar.

Tettare samarbeid om beredskap frå 2020

- For at sjukehusapotekføretaka raskt skal nå målsetting om eit tettare nasjonalt samarbeid og oppfølging av viktige innsatsområde som er identifisert, etablerer føretaka samarbeid på beredskapsområdet. Frå januar 2020 blir det oppretta ei felles desentralisert beredskapsadministrasjon, med ressursbidrag frå alle føretaka, fortel Frantzen.