Produksjonsstøttesystem for legemiddel i Helse Vest er valt!

Føretaket JAC/WellSky er valt som leverandør av nytt produksjonsstøttesystem til Helse Vest og Sjukehusapoteka Vest (SAV) etter anbodstevling. Systemet skal støtte opp saumlaus rekvirering av legemiddel som apoteket skal tilverke frå sjukehuset sin kurveløysing men vil og vere særs viktig støtte for tilverking av legemiddel i SAV.

 
CBF-webBW.jpg

Fagdirektør og prosjektleigar Christer Bakke Frantzen

Leverandøren har erfaring med innføring av tilsvarande løysingar på mange europeiske sjukehus og har mellom anna levert tilsvarande system til Helse Sør-Øst. ​
- Løysinga har støtte for tilverking av et breitt spekter av legemiddel, mellom anna kreftmedisin, ernæringsløysingar, antibiotikablandingar og legemiddel for smertebehandling, fortel fagdirektør i SAV og prosjekteigar Christer Bakke Frantzen.

Det er stilt krav om at programvaren skal integrerast og koplast saman med sjukehuset sin elektroniske kurveløysing (Meona), slik at legen kan gjere all rekvirering der, mens apoteket tek i mot bestillingar og jobbar i produksjonsstøtteløysinga. Dette vil krevje endring av arbeidsprosessar og arbeidsflyt både i apoteket og på sjukehuset.

Ferdig innført produksjonsstøtteløysing vil bidra til betre kvalitet og effektivitet gjennom mellom anna elektroniske prosesskontrollar som støtter opp om produksjonsarbeidet, samt elektronisk rekvirering rett frå kurveløysinga.
- Integrerte elektroniske prosesskontrollar og rekvirering frå elektronisk kurveløysing vil være ei stor betring med omsyn til pasienttryggleik og kvalitet for legemiddel som SAV produserer. Vi er glade for at arbeidet med tilpassing og innføring av systemet no kan starte opp, seier Frantzen.

I tida framover vil det bli arbeidd med integrasjon av produksjonsstøtte- løysinga mot sjukehuset sin elektroniske kurveløysing, og innføring av systemet i SAV. Arbeidet med innføring vil involvere medarbeidarar både frå sjukehusa i regionen, SAV og Helse Vest IKT og er venta sluttført i 2021.