Medisinane ligg klar når pasienten kjem

- Bestillingssystemet er veldig enkelt! Pasientane slepp å vente og medisinane ligg klar når dei kjem på sjukehusapoteket, seier Charlotte Sørdal.

 

​Charlotte Sørdal jobbar som sekretær på Kirurgisk sengepost 4 Vest på sjukehuset i Haugesund. Ho nyttar bestillingsløysinga jamleg til pasientar som er operert med Gastric bypass.
- Det blir ein del medisinar dei skal ha med seg når dei dreg heim og derfor er det ein stor fordel å bestille medisinane på førehand på nett.
 

Enkelt å bestille - enkelt for pasientane

Sørdal legg inn fleire bestillingar, som oftast kvar tysdag. På førehand har legen sendt inn e-resept. 
- Eg treng berre å legge inn behandlingsnamnet «gastric bypass», i tillegg til informasjon om pasienten. så finn apoteket fram og gjer klart dei medisinane som pasienten skal ha med seg heim, fortel ho.
 

Slepp å vente

Det er mange pasientar som er innom sjukehuset i Haugesund i løpet av ein dag. At bestillingssystemet ligg tilgjengeleg på nettsida til Sjukehusapoteka Vest gjer det enkelt for Sørdal å førehandsbestille medisinar til pasientane. Ho synest det er positivt for pasientane at ventetida og ekspederingstida blir reduserte.
- Mange pasientar som skal hente medisinar er nyoperert. Da er det ein stor fordel at dei slepp å stå i kø og vente.
 

System på bestillingane

Sørdal blei først kjent med løysinga når Siv Elin Hetland, avdelingsleiar i Sykehusapoteket i Haugesund, kom på besøk på avdelinga. Dei fekk informasjon om sjølve løysinga og fordelane med å ta den i bruk.
- Nå er det blitt eit system på bestilling av medisinar til pasientane. Det hadde vi ikkje tidlegare. Med denne bestillingsløysinga er det blitt ein grei rutine, seier ho.
 

Får SMS når medisinane er klare

Når Sørdal legg inn bestillingane så kan ho sjølv velje når dei skal vere klare for å bli henta.  
- Det er eit veldig enkelt bestillingssystem. I tillegg så får eg ei teksmelding når medisinane ligg klar i apoteket.
- Til dei som ennå ikkje har prøvt det så er mitt beste råd: å begynne å bruke det og gjerne gjere det til ein rutine, seier ho med ein smil.