Kvifor snakkar vi om legemiddelmangel?

Verdsmarknaden for legemiddel er i endring og mangel på legemiddel har blitt eit globalt problem. Endra geopolitisk bilete, færre råvareleverandørar og legemiddelprodusentar og konkurrerande leverandørar på den norske marknaden skapar ein krevjande leveransesituasjon som verker inn på drifta i norska sjukehus.

Christer Bakke Frantzen

Christer Bakke Frantzen, fagdir. i Sjukehusapoteka Vest

Då Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) leverte risikoanalysen sin av legemiddelmangel tidlegare i år lyfta dei fram legemiddelmangel som ei av dei største utfordringane i helsesektoren. DSB analyserte eit scenario med mangel på insulin og antibiotika og peikte på moderat til høy sannsyn for at desse eller liknande hendingar vil inntreffe i løpet av ein 50-års periode. Helsedirektoratet arbeider med å revidere Nasjonal legemiddelberedskapsstrategi frå 2012.

Legemiddelverket registrerer mangelsituasjonar og avregistreringar i Norge. I den siste 10-årsperioden har det vore ein jamn vekst, men med kraftig auke i tilfelle dei siste to åra.

tab-cbf.PNG
 
Mangel på viktige legemiddel er ikkje eit ukjent problem i spesialisthelsetenesta og det har over tid vore etablerte mekanismar for å førebyggje og redusere leveringsproblem. Aukande førekomst av mangelsituasjonar gjev risiko for at nye hendingar med konsekvens for pasientbehandlinga vil oppstå. Det har skapt eit behov for nye tiltak dei siste åra.

Dei fire regionhelseføretaka og sjukehusapotekføretaka i Noreg gjekk i 2016 saman om å etablere Nasjonalt senter for legemiddelmangel og legemiddelberedskap i spesialisthelsetjenesten lokalisert ved Oslo Universitetssykehus. Senteret har som hovudoppgåve å overvaka forsyningssituasjonen for legemiddel, kartleggja omfang av problem/mangelsituasjonar, finne løysingar og kommunisera desse til aktuelle partar. Det er vidare gjennomført tiltak ved å inkludere forsyningstryggleik som del av innkjøpsavtalar, samt å auke lagera hos legemiddelgrossist i Norge for utvalde legemiddel.

I Helse Vest er det etablert system for kommunikasjon, varsling, rasjonering og prioritering ved mangelsituasjonar der nødvendige medisinske vurderingar blir tekne på rett nivå. Det er òg gjort vurderingar og etablert utvida lagring frå 2018 for legemiddel som er vurdert til 1) å ha auka risiko for mangel og 2) der mangel gjer risiko for alvorleg svikt i pasientbehandling.

Sjukehusapoteka i Norge samarbeider tett om å styrke legemiddeltryggleiken. Det er låg eigenproduksjon av legemiddel nasjonalt, noko som utgjer ei vesentleg sårbarheit. Vi er såleis avhengige av å utvikle samarbeid mellom alle partar slik at flyt av informasjon og førebyggjande tiltak kan rettast inn mot leveringskjeda frå produsent og heilt fram til pasient.