Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Kortare liggjetid og lågare dødstal når retningslinene blir følgde

I ein ny studie har Jannicke Slettli Wathne og medforfattarar sett på antibiotikabehandlinga som er gjeve til 1750 pasientar innlagde i sjukehus. Resultata viser at pasientar som fekk behandling som følger dei nasjonale retningslinjene kom betre ut både med tanke på dødstal og liggetid i sjukehus.

Publisert 02.05.2019
Sist oppdatert 05.01.2023
Jannicke Slettli Wathne i samtale med to leger.

​Formålet med studien var å sjå om det er nokon samanheng mellom det å få antibiotikabehandling for ein infeksjon slik det er angitt i Nasjonal fagleg retningslinje for antibiotikabruk i sjukehus, og utfallet for pasienten.
- Pasientane som blei behandla i samsvar med retningslinjene hadde lågare dødstal og ein tendens til kortare liggetid enn dei som ikkje blei behandla etter dei nasjonale retningslinjene. I analysane tok vi også omsyn til blant annan alder, behandlingsdiagnose og helsesvikt, fortel Wathne.

Studien framhever at det er viktig at helsepersonell kan stole på retningslinjene som er sett.
-Det er viktig at helsepersonell har tiltru til dei retningslinjene vi har. Dersom ein ikkje er trygg på at dagens retningslinjer gir den beste behandlinga, er det også fare for at dei ikkje vil bli følgde, seier Wathne.

Jannicke Slettli Wathne er PHD-kandidat tilknytt Nasjonal kompetanseteneste for antibiotikabruk i spesialisthelsetenesta (KAS), og jobbar som fagsjef farmasøytiske tenester og forskingskoordinator i Sjukehusapoteka Vest HF. Data blei samla inn i 2014, og inkluderer pasientar behandla for ulike infeksjonar ved lungemedisin, infeksjonsmedisin og gastromedisin på tre sjukehus på Vestlandet.

Les heile artikkelen i ARIC The association between adherence to national antibiotic guidelines and mortality, readmission and length of stay in hospital inpatients: results from a Norwegian multicentre, observational cohort study.