Gode erfaringar med Medisinstart ved Sjukehusapoteket i Førde!

Sjukehusapoteket i Førde har gjennomført mange medisinstartsamtalar og allereie hausta nyttige erfaringar. Sjukehusfarmasøyt og sertifisert tenestefarmasøyt Maja Duric har gjennomført fleire slike samtalar sidan tenesta blei innført i mai.

​Sjukehusapoteket i Førde har kome godt i gang med tenesteleveransen fordi dei har eit stort ønske om å bidra til at kundane brukar legemidla sine riktig.
- Vi ønsker rett og slett å bruke vår kunnskap om legemidlar til det beste for pasientane. I tillegg har vi som sjukehusapotek mange kundar som kjem inn for å hente hjartemedisin for fyrste gong og dermed er aktuelle for dette tenestetilbodet, seier Duric.

Maja Duric

Maja Duric, tjenestefarmasøyt i Sjukehusapoteket i Førde

Dette er medisinstart

Medisinstart er ei teneste der pasientar, som nyleg har starta med legemiddel for hjarte- og karsjukdom, får strukturerte samtalar i apoteket saman med ein farmasøyt. Tenesta er offentleg finansiert og pasienten betaler ingen eigenandel.
- Medisinstart består av to oppfølgingssamtalar mellom pasient og farmasøyt. Samtalane bør gjennomførast høvesvis 1-2 veker og 3-5 veker etter at pasienten har starta å bruke sin nye medisin, fortel Maja Duric.

Gode erfaringar

Duric og dei andre tenestefarmasøytane ved Førde sjukehusapotek har hausta gode erfaringar med denne tenesta so langt.
- Dei fleste pasientar er nysgjerrig på korleis medisinane verkar, kvifor dei har fått dei og kva dei må tenke på når dei tek legemidla sine, seier Duric.

Sjølv om lege har informert godt under konsultasjonen so er det likevel mange som sliter med å huske alt. Det kan også vere mykje informasjon på ein gong for pasientane.
- Vi ser difor at mange pasientar treng ekstra informasjon for å verte trygge på medisinane sine og kvifor dei skal bruke dei, seier Duric.

Erfaringane so langt viser blant anna at pasientane har behov for meir informasjon og rådgjeving i samband med legemiddelbruken sin.

Auka tryggleik

I nokre tilfelle så har pasientar vore i tvil om dei vil starte opp med eller fortsetje med det nye legemiddelet. Dei kan og ha fått feil forståing av bruken av legemidlet og det kan vere at medisinen ikkje skal kombinerast med andre legemidlar eller kosttilskot. Nokon er også svært bekymra for eventuelle biverknader frå medisinane.
- Då er det godt å sjå at etter gjennomført rettleiing so har pasienten fått auka tryggleik og forståing for kvifor det er viktig å fortsette behandlinga slik legen har bestemt, seier Duric.

Oppfølgingssamtale

I sjukehusapoteket møter ein pasientar med forskjellig behov. Nokre er alvorleg sjuke og sjukehusfarmasøytens tilnærming må tilpassast til den enkelte.
- Vi må snakke med kundane, lytte og avklare problem dei har med legemiddelbehandlinga si. Vi må også motivere pasientane til å bruke legemidla på ein riktig måte, og gjere dei i stand til å meistre og forstå legemiddelbehandlinga. Det er dette vi gjer i løpet av ei oppfølgingssamtale, fortel Duric.

Kan gjennomførast på telefon

Tilbakemeldingane frå kundane er positive og dei er svært takknemlege for den ekstra oppfølginga dei får gjennom eit slikt tilbod. Det er også positivt at oppfølgingssamtalane kan gjennomførast på telefon. Dette gjeld spesielt for pasientar som syns det er vanskeleg å komme seg til apoteket eller som har lang reiseveg.
- Det er store avstandar i fylket vårt, og då er det mykje enklare å gjennomføre tilbodet på telefon. Eit slikt tenestetilbod vil heilt klart bidra til meir riktig legemiddelbruk og auka etterleving av behandlinga, seier Duric.

Riktig bruk av kompetansen i apotek

Duric meiner det er lurt at farmasøytar bidreg til rett legemiddelbruk. På denne måten får ein brukt deira kompetranse til beste for pasientane. Ho håpar difor at dei positive erfaringane med Medisinstart vil bidra til at tenestetilbodet vert utvida til å inkludere endå fleire legemiddelgrupper i framtida.
- Det er først når vi får endå tettare oppfølging av legemiddelbehandlinga at vi vil sjå den verkelege nytteverdien av legemiddelbruken hos pasientane. Her må difor farmasøytar, legar og anna helsepersonell samarbeide endå tettare for at pasientane skal få best mogleg behandlingsresultat av legemidla sine, avsluttar Duric.

Vidareføring av tenestetilbodet i 2019

Tenestetilbodet er foreløpig ei prøveordning som skal evaluerast. Det er derfor gledeleg at tenestetilbodet blir vidareført og tilskotet vert auka frå 4 til 8 millionar i Helse- og omsorgsdepartementet sitt framlegg til statsbudsjett for 2019.