- Med ein folkeopplysingskampanje ønskjer vi å auke kunnskapen og openheita kring sjølvmordsåtferd, og senke terskelen for å snakke om tankane mange kan ha – og søkje hjelp, seier kommunikasjonsdirektør Bente Aae i det regionale helseføretaket Helse Vest.
Bakgrunnen for kampanjen er at sjølvmord er eit stort folkehelseproblem, og at det i Noreg døyr 550-600 menneske av sjølvmord kvart år. Det blir anteke at mellom 3 500 og 7 500 personer årleg forsøker å ta sitt eige liv.
En registerstudie viste at 62 prosent av dei som tek sjølvmord ikkje har vore i kontakt med psykisk helsevern i løpet av det siste året før dei tok selvmord, og at 70 prosent har vært i kontakt med fastlegen veker og siste månader før, men ikkje snakka om sjølvmordstankar.
Bodskapen blir presentert på boards (utandørsplakatar) i bybildet, nettannonsering og i sosiale medium i kampanjeperioden.
- I ein slik kampanje er det viktig å formidle kvar det er hjelp å få. Her følgjer Helse Vest tilrådingane til Nasjonalt senter for forskning og selvmordsforebygging og helsenorge.no, seier Aae.
Fastlege, helsesøster på skolen eller på helsestasjonen, psykolog, psykisk helse- og rusteneste, legevakt eller psykososialt kriseteam i kommunen er første hjelpeinstans.
Både fastlegen og psykolog i kommunen kan tilvise vidare til Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP) eller Distriktspsykiatrisk senter (DPS) dersom det er behov for det.
Ei rekkje organisasjonar er involverte i arbeidet med førebygging av sjølvmord. Enkelte av dei har støttegrupper og hjelpetelefonar:
- Ved akutte situasjonar, ring legevakten på 116 117
- Mental Helse: 116 123
- Røde Kors: 800 33 321
- Kirkens SOS: 22 40 00 40
- Ved livstruende situasjoner ring nødnummer 113
- helsenorge.no – side om sjølvmord og sjølvmordstankar
For råd og rettleiing viser vi til nettsida Helse Vest har utarbeidd: helse-vest.no/selvmord.