Det er attraktivt å jobbe i sjukehusapotek!

Tal frå analyseselskapet Universum visar at sjukehusapotek er ei av dei ti mest attraktive arbeidsplassane innan helsesektoren i Norge.

Foto: Sjukehusapoteka Vest
HR- og org.dir Berit B. Berntsen

HR- og org.dir Berit B. Berntsen

​Kvart år presenterer Universum dei mest attraktive arbeidsgivarane og karrierepreferansane til studentar i Norge. Undersøkinga gjennomførast innan fleire studieretningar og meir enn 13 000 studentar har deltatt. Innan helse har studentane plassert sjukehusapotek som ei av dei ti mest attraktive arbeidsgivarane i Norge.

- Våre tilsette er vår viktigaste ressurs og det er veldig gledeleg å sjå at sjukehusapoteka er blant dei mest attraktive arbeidsgivarane i Norge innan helsesektoren. Vi ser òg i «Karrierebarometeret» at sjukehusapoteka er på lista over dei 50 mest attraktive arbeidsgjevarane for helsestudentar, seier Berit Beate Berntsen, HR- og organisasjonsdirektør i Sjukehusapoteka Vest.

Fokus på kvalitet, trivsel og mogeligheiter

Sjukehusapoteka Vest har høgt fokus på at dei tilsette både skal trivast og få mogelegheita til å gjere sitt beste, og kvart år blir det gjennomførd medarbeidarundersøkingar i alle helseføretaka. Resultata i Sjukehusapoteka Vest visar at medarbeidarane trivst i jobben sin.
- Då er det òg kjekt å sjå at sjukehusapoteka kjem godt ut i undersøkingar blant dei som er studentar, som er våre framtidige tilsette, seier Berntsen.

Sjukehusapoteka er ein del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester. I Norge er det i alt 32*) sjukehusapotek, fordelt på dei fire helseregionane.

*) Tal per 31.desember 2019 (Apotekforeningen)


Kjelde:
https://universumglobal.com/
https://karrierestart.no/karrierebarometeret/

Fann du det du leita etter?