Betre behandling til fleire pasientar ved gode innkjøp av legemiddel

Helseføretaka har gjennom dei siste åra fått finansieringsansvar for fleire legemiddel til heimebehandling av pasientar. Auka kapasitet og profesjonalitet i Sykehusinnkjøp HF, divisjon legemiddel har gitt stor vekst i talet på innkjøpsavtalar for legemiddel. Talet på avtalar har auka frå 7 avtalar i 2015 til ei forventing om 50 avtalar i 2020. Det er stort potensiale for kostnadsgevinst ved å implementera avtalane i helseføretaka effektivt.

Foto: SAV.no

Legen må sjølv vite kven som er anbodsvinnar

Dei mange innkjøpsavtalane for legemiddel blir reforhandla med eitt til to års mellomrom, og det vil difor bli mange endringar av anbodsvinnarar gjennom eit driftsår i sjukehusa. Tradisjonelt har sjukehusapoteka aktivt byta levert legemiddel til ny anbodsvinnar etter kvart som nye anbod blir forhandla fram. Dette er enno mogleg for legemiddel som blir levert til sjukehuspostar. Når det gjeld den nye og stadig aukande mengda med legemiddel for heimebehandling, er dette legemiddel som blir skrivne ut på resept til kvar pasient. Pasientane hentar då ut resepten frå sitt lokale apotek, og det lokale apoteket har ikkje lov å endre levert legemiddel til gjeldande anbodsvinnar. Dette fører til at det er legen sjølv som til ei kvar tid må vite kva legemiddel som er gjeldande anbodsvinnar for dei mange ulike innkjøpsavtalane. Det finnes diverre ikkje noko IKT-system som kan fortelje legen kva avtale som er gjeldande til ei kvart tid, og det er difor opp til helseføretaka å informera legane om dei stadig skiftande avtalane. Kostnad for heimebehandling som blir betalt av helseføretaka gjennom såkalla H-reseptar, har etter kvart blitt like stor som kostnadar for legemiddel til bruk i sjukehusa. Det har vore utfordringar med å få til god etterleving av innkjøpsavtalar for H-reseptar.

Gevinstar å hente

For å hjelpe til med å betre sjukehusøkonomien gjennom betre avtaleetterleving oppretta Sjukehusapoteka Vest i 2019 stilling som legemiddeløkonomisk rådgjevar. Farmasøyt Steinar Vik tok til i stillinga i 2019, og arbeider målretta med å støtte helseføretaka sitt arbeid med å implementere og etterleving av eit stadig aukande tal på innkjøpsavtalar for legemiddel. Sjukehusa på Vestlandet har allereie markert seg som best i Noreg når det gjeld å fylgje gjeldande innkjøpsavtalar, men det er også i vårt område ekstra gevinstar å hente på betre etterleving av avtalar for H-reseptar. I tillegg er det slik at avtalane stadig vert reforhandla med ny anbodsvinnar, noko som krev gode prosessar for å heile tida kunne implementere nye avtalar.

Støtte helseføretaka i handtering av innkjøpsavtalar

Legemiddeløkonomisk rådgjevar driv aktivt informasjonsarbeid om gevinstpotensiale i anbodsavtalar for dei ulike helseføretaka. Dette vert gjort gjennom presentasjonar i ulike fora som til dømes møter i leiargrupper, legemiddelkomitear, styremøter og direktørmøter. Rådgjevar er også med å støttar i informasjonsmøter til klinikkleiarar for viktige anbodsavtalar i helseføretaka. Eit av hovudmåla med arbeidet er å hjelpe helseføretaka til å etablere effektive prosessar for å handtera stadig nye og endra innkjøpsavtalar.

Web-løysing gjev betre oversikt

Ein del av arbeidet er også å informere om korleis etterlevinga er av gjeldande innkjøpsavtalar. Her er det utvikla eit web-basert verktøy der helseføretaka sjølve kan gå inn og sjå korleis kostnadar utviklar seg innan dei ulike innkjøpsavtalane. Vår rådgjevar er kontaktpunkt for både opplæring og utvikling av dette verktøyet på Vestlandet.

Meir helse for kvar krone

Folketalet i regionen er i vekst, men det er og auke i del av eldre. Dette vil gje ei auka trong for legemiddel i spesialisthelsetenesta, noko som vil gjere det viktigare enn nokon gong å nytte ressursane best mogleg. Om helseføretaka aktivt hentar ut gevinstar gjennom å implementera effektivt og etterleve dei mange innkjøpsavtalane for legemidlar vil det vere eit viktig steg på vegen mot meir helse for kvar krone.