Årleg melding frå Sjukehusapoteka Vest

Årleg melding blei behandla på styremøte 12.desember.

​Sjukehusapoteka Vest har levert godt på dei fleste område i 2019. Den årlege meldinga er ei oppsummering av korleis føretaket har levert på styringskrav frå eigar i året som har gått. Meldinga angir ei god utvikling og auka aktivitet innanfor fleire område.

Trude Marit Risnes

Styreleder Trude Marit Risnes

Sjukehusapoteka Vest ser ut til å få eit resultat for 2019 som er noko betre enn kravet frå eigar. Likviditeten til føretaket er tilfredsstillande. Investeringane som er gjorde ligg også godt innanfor det som kan finansierast med eigne midlar.
- Dette er ein solid organisasjon med eit høgt endringstempo. De har all grunn til å vere fornøgd og stolte. Imponerande, sa styreleiar Trude Marit Risnes om det Sjukehusapoteka Vest har fått til i 2019.

Lågare vekst og priser

Talet på kundar har auka i 2019, men på same tid er omsetninga lågare enn det som var planlagt.
- Det er sterk konkurranse om apotekkundane. Samtidig viser makrobildet frå varehandel generelt ei utflating i 2019. Dette gir utslag i både lågare vekst og priser enn det som har vore budsjettert, seier økonomidirektør Ola Rye.

Positivt for utviklinga framover

Ola Rye

Økonomidirektør Ola Rye

- Det er sett i gong fleire utviklingsprosjekt i Sjukehusapoteka Vest som skal gå over fleire år. Eit positivt resultat i 2019 kjem derfor godt med som finansiering, fortel Rye.

Føretaket etablerte i 2019 eit porteføljestyre for utviklingsprosjekt for å ta høgd for kompleksiteten og redusere risiko i IKT-prosjekt.

Rye trekker fram både nasjonale, regionale og lokale utviklingsprosjekt som vil vere viktige framover, blant anna innanfor produksjonsstøtte, KULE (Kurve og legemiddelhandtering), LIBRA (lager, innkjøp, budsjett, regnskap og anskaffing) og RBD (Resept og butikkdata). I tillegg blir det bygt om for å gjere plass til ny produksjon på Sjukehusapoteket i Bergen, og på nyåret startar arbeidet med å etablere anlegg for pakking av eindose til sjukehusa. Sjukehusapoteka Vest har også i 2019 bidrege i prosjekt for anskaffing av ny grossistavtale (G2021). Resultatet frå dette arbeidet blir offentleg i slutten av januar.

Forsking og utvikling

I 2019 har Sjukehusapoteka Vest hatt medarbeidarar ved fleire apotek som har jobba med doktorgradsprosjekt innanfor kreftforsking, oppfølging av legemiddelbruk hos pasientar i psykisk helsevern, eldre og psykisk liding, styring av bruk av antibiotika i norske sjukehus, og samanhengen mellom legemiddelbruk og uønskte hendingar ved demens. To av dei disputerte i 2019.

Det er og jobba med fleire mastergradprosjekt, både for ordinære masterstudentar og for master i klinisk farmasi. Blant anna har spennande prosjekt, knytt til klargjering av medisinar på post og farmasøytar i akuttmottak, vist gode resultat og er lagt merke til utanfor vårt eige føretak. Fleire doktorgradsstipendiatar og forskarar har og vore tilknytt føretaket gjennom forankringsavtale.

Høgt fokus på beredskap

Sjukehusapoteka Vest har gjennom 2019 jobba aktivt med å forbetre legemiddelberedskap. Aktivitetar på området er blant anna bidrag til oppdatering av regional helseberedskapsplan, revisjon av eigen beredskapsplan, og samarbeid med dei andre sjukehusapotekføretaka i SAMLE-prosjektet (Nasjonalt samarbeid om legemiddelberedskap). Arbeid med legemiddelberedskap er eit viktig og prioritert område for føretaket.

Det blir også jobba tett med både Mangelsenteret ved Oslo universitetssjukehus, grossist og Sykehusinnkjøp for å førebygge oppståtte mangelsituasjonar og styrke beredskap for både akuttsituasjonar og forsyningssvikt.