Saman med Sjukehusapoteket i Stavanger gjennomfører Intensivavdelingen og Nyfødtavdelingen nå eit pilotprosjekt for å sjå om apotekpersonell kan avlaste spesialsykepleiarane i en travel kvardag.
Skal gi meir tid til pasientane
Målsettinga med prosjektet er at spesialsjukepleiarane skal få meir tid til dei pasientnære oppgåvene.
- Målet med prosjektet er at spesialsjukepleiarar skal bruke mindre tid på medisinromma og meir tid med pasientane. Dette kan også gi ein positiv effekt knytte til pasienttryggleik, seier apotekar Tonje Folkvang ved Sjukehusapoteket i Stavanger.

Apotektekniker Madinah Balmediano Corpuz tilbereder legemiddel for avdelingane.
Førebuingar for trygg gjennomføring
Før pilot kunne starte blei det utarbeidt ein risikoanalyse for å identifisere nødvendige risikoreduserande tiltak for å sikre ei trygg gjennomføring av prosjektet. Eigne prosedyrar blei utarbeidde for både Intensivavdelingen og Nyfødtintensivavdelingen.
- Desse førebuingane var viktig for å sikre ei trygg gjennomføring av prosjektet for alle involverte. I tillegg blei det utarbeidt kompetanseplanar som sikra både teoretisk og praktisk opplæring av apotekpersonalet før oppstart, fortel Folkvang.
Dei mest vanlege legemidla som sjukehusavdelingane nyttar i behandlinga blei delt inn i to grupper. Apotekpersonalet overtok først ansvaret for legemidla i gruppe 1, og når desse legemidla var godt innarbeidt blei legemiddel i gruppe 2 innlemma i prosjektet. Det blei utarbeidt oppskrifter for tillaging av kvart legemiddel. Desse blei nytta som hjelp ved tillaging og som dokumentasjon ved at kopi av oppskrift med signatur blir arkivert for kvar tillaging.
Positive resultat
Midtvegsevalueringa viste positive effektar av pilotprosjektet.
- På Intensivavdelingen har det vore meir enn nok oppgåver til apotekpersonalet. På Nyfødtintensivavdelingen har det vore ein roleg start på nyåret og derfor ikkje mogeleg å vurdere det fulle potensialet ved denne typen teneste, fortel Folkvang.
Aktiviteten har nå teke seg noko opp ved Nyfødtintensivavdelingen og Folkvang forventar at dei vil få eit betre bilde av effekten etter 2. kvartal i 2019.
Prosjektet blir avslutta i august
Basert på midtvegsevaluering og intern diskusjon er det vedteke at tenesta skal vidareførast til over sommarferien. Sluttrapporten skal leverast innan august 2019.
- Det blir spennande å sjå kva effektar dette samarbeidet kan gi når resultata frå pilotprosjektet er klare på seinsommaren, seier Folkvang.