logo Sjukehusapoteka Vest

Jon Bolstad skal leie Sjukehusapoteka

Jon Bolstad blir ny administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest (SAV). Han har i dag same stilling i Helse Førde.

Publisert 23.05.2017
Sist oppdatert 24.05.2017

​- Eg ser fram til å ta fatt på spennande oppgåver i ein organisasjon eg kjenner som svært kompetent og velorganisert, seier Jon Bolstad.

Styreleiaren i SAV, Trude Marit Risnes, seier dette om tilsetjinga:
- Vi er glad for å få Jon Bolstad som ny administrerande direktør. Han er allereie styremedlem i SAV og kjenner organisasjonen vår godt. Med si lange erfaring frå Helse Førde, og dei gode resultata han kan vise til der, blir han utvilsamt ein ressurs for oss, seier ho.

Jon Bolstad var rådmann i Rælingen kommune då han takka ja til toppjobben i Helse Førde i 2004. Han startar i stillinga i SAV 1. september.

Kontaktpersonar:

  • Trude Marit Risnes: 951 95 147
  • Jon Bolstad: 932 43 152