Ho skal leie arbeidet med nasjonalt beredskapslager for legemiddel

Quynh Le skal leie arbeidet vidare med å bygge opp og forvalte nasjonalt beredskapslager for legemiddel på permanent basis. Le kjem frå stillinga som administrerande direktør i Eurofins Havlandet forskingslaboratorium i Florø.

Fotograf: Lisa Giil

​Helse Vest og Sjukehusapoteka Vest byggjer på oppdrag frå styresmaktene nasjonale beredskapslager for legemiddel for sjukehus, kommunar og apotek - og har også ansvaret vidare når lageret går over i permanent drift.

Arbeidet med å bygge opp lageret har vore organisert som eit prosjekt sidan oppstart i 2020 og skal etter kvart over i permanent drift. Le blir leiar for arbeidet vidare. 

– Skapar tryggleik for dei som treng medisin

– Eg har hatt gode og gjevande år i Havlandet, med mange flotte og dyktige folk rundt meg. Samtidig er eg glad og stolt over å få sjansen til å leie det viktige arbeidet med beredskapslager for legemiddel. Kjernen i det handlar om å skape tryggleik for at vi har medisin til folk som treng det sjølv om det oppstår situasjonar som stoppar den vanlege forsyninga, seier Le, som startar i stillinga seinast 1. desember.

Lagera består av utvalde legemiddel nok til inntil seks månader normalt forbruk i sjukehus og kommunehelsetenesta - og blir eit vesentleg bidrag for å styrke den norske helseberedskapen og sikre tilgang til kritisk viktige legemiddel for sårbare pasientgrupper ved svikt i den normal leveringa.

– Vi er svært nøgde med at Quynh Le har takka ja til stillinga. Ho har ein solid og brei fagkompetanse og ein bakgrunn som leiar som gjer oss trygge på at arbeidet med beredskapslageret blir vidareført på ein god måte, seier fagdirektør i Sjukehusapoteka Vest, Christer Bakke Frantzen.

Le er farmasøyt i botn og har erfaring frå forsking, undervisning og apotek- og grossistverksemd. Med seg på laget i arbeidet med legemiddellageret får ho med seg to andre nytilsette, ein rådgjevar og ein controllar. Alle tre stillingane ligg under fagavdelinga i Sjukehusapoteka Vest.