Gode råd i barseltiden

Det er mykje ein treng til eit nyfødt barn og mor etter fødselen, og det er eit hav av produkt å velje mellom. Vi har derfor laga ei hugseliste over kva de treng frå apoteket.

​Visste du at

  • Råmjølka som kjem rett etter fødselen er å rekne som supermat for det nyfødde barnet pga. det høge næringsinnhaldet, og at dette dekker matbehovet dei første dagane.
  • Det er vanleg at babyar får eit kviseliknande utslett dei første vekene. Dette er ein reaksjon på at hormona til mora forsvinn.
  • Dersom barnet skrik meir enn tre timar om gongen, minst tre gonger i veka, og i meir enn tre veker, kan det vere kolikk/luftsmerter. Dette er relativt vanleg hos spedbarn, men dei fleste veks det av seg i løpet av dei første månadane.
  • Spedbarn under tre månader har sjeldan feber, men skulle dette skje, må lege bli kontakta. Etter at barnet er blitt tre månader, er feber meir vanleg. Feber er sjeldan farleg, men kan vere ubehageleg.
  • Spedbarn pustar med nasen. Når nasen er tett, kan det ofte føre til problem under amming, eller problem med å suge på tåteflaska. Då kan ein reinse nasen med saltvatn og bruke ein nasesugar for å fjerne slim.
  • Ved 4 vekers alder bør barnet få tilførsel av D-vitamin, anten gjennom tran eller D-vitamindropar.

 

Amming og mating

  • Brystvortekrem ved såre brystvorter
  • Ammeinnlegg
  • Brystpumpe*
  • Kosttilskot for ammande
  • D-vitamindropar/tran (frå 4 veker)
  • EasyTran sprøyte
  • Flaskesmokkar ved behov
  • Tåteflasker ved behov

* Vi anbefaler å vente med å kjøpe brystpumpe til etter fødselen. Det er då
enklare å definere behovet for ei manuell, elektrisk eller dobbel elektrisk brystpumpe.

 

Babystell

  • Babyolje Stellekrem/salve
  • Tørre eingongsklutar
  • Baby bomullspinnar

Diverse

  • Nasesugar
  • Saltvatn
  • Refill til nasesugar
  • Febertermometer

Hugselista er utarbeidd etter råd frå barselavdelingar ved sjukehus i Helse Fonna og Helse Stavanger.